MENY

Velkommen til Barnehagekonferansen 2016

Onsdag 1. juni vert Barnehagekonferansen 2016 arrangert i Elise Ottesen-Jensens hus ved Universitetet i Stavanger. Årets hovudtema er "Barnehagelæraren som profesjonsutøvar".

Barnehagelæraryrket er prega av tett samvær og samhandling med barn og andre vaksne. Dette rører ved etiske verdiar og val. Etisk medvit og høg fagleg kompetanse er avgjerande for å skape gode vilkår for leik, læring og danning i barnehagen.

Fremjer god praksis

Den profesjonelle barnehagelærar sitt rom for skjønnsutøving er det som fremjer god praksis. Men skjønnsutøving kan også gi også rom for uheldig praksis, krenking og urett mot barnehagebarn. Dette gir barnehagelæraren eit særleg ansvar for å vere opne om dei faglege og pedagogiske vala.

Ved å synleggjere felles verdigrunnlag vil  ein kunne fremje tillit til profesjonen. Denne tilliten treng ein for å ha fridom til å treffe gode val der rett handling ikkje gir seg sjølv. Samfunnet skal ha tillit til at barnehagelæraren bruker handlingsrommet sitt på ein etisk forsvarleg måte.

Barnehagelæraren som profesjonsutøvar

Å opptre profesjonelt er å utvikle og bruke både den faglege og den etiske kompetansen som faget krev, kunne reglar og retningslinjer, men også å ha dømmekraft og relasjonell kompetanse.

Barnehagekonferansen har i år hovudtemaet Barnehagelæraren som profesjonsutøvar. Konferansen er eit samarbeid mellom Utdanningsforbundet Rogaland, Universitetet i Stavanger og Fylkesmannen i Rogaland.

Gratis for studentar

Konferansen er gratis for studentar, men då føgjer ikkje servering med. Påmeldingsfristen er 15. april, og konferanseavgiften er 600 kroner, som inkluderer ein enkel lunsj. Meld deg på konferansen ved å følgje denne lenkja, og sjå programmet her.


Vi inviterer til desse innlegga:

Profesjonsetikk for barnehagelærarar, ved Kristin Rydjord Tholin, dosent ved Høgskolen Sørøst-Norge

 Profesjonsutøving mellom handlingsfridom og press ved Gerd Sylvi Steinnes, førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda

 Sjå barnehagebarnet innanfrå, men deg sjølv utanfrå ved Ida Brandtzæg og Stig Torsteinson, psykologspesialistar og forfattarar

 Opning ved Monika Röthle, universitetslektor ved Universitetet i Stavanger

 

 

UiS logo
Bilete syner ein barnehagelærar som blåser bobler saman med barn i ein barnehage.

Årets hovudtema for Barnehagekonferansen 2016 er "Barnehagelæraren som profesjonsutøvar".