MENY

Disputas om elektrokjemisk de-oksygenering av vatn

Fredag 18. mai 2018 vil Utsav Raj Dotel disputere for graden philosophiae doctor ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet.

Utsav Raj Dotel forsvarer avhandlinga «Electrochemical Deoxygenation of Water».

Prøveførelesing startar kl 10.00. Emnet for førelesinga er «Pourbaix diagrams of silver, iron, nickel and copper; in the context of chloride solutions and oxygen red-ox reactions».

Alle interesserte er velkomne både til prøveførelesing kl. 10.00 og disputas kl. 12.15.

Leiar for disputasen er Instituttleiar Gro Johnsen, Institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet.

Arrangementet finn stad i Kjølv Egelands hus, Auditorium E-164 (kart).