MENY

Disputas om kunnskapsleiing i endring

Susan Peisan Chen disputerer 23. mai for grada philosophiae doctor ved Det samfunnsvitskapelege fakultet ved Universitetet i Stavanger.

Susan Peisan Chen forsvarar doktorgrada «Knowledge Management in the time of organisational change: Implications of a post-merger early retirement downsizing strategy in an aging knowledge-based economy. A Socio-technical system approach to a Norwegian case study».

Prøveførelesinga startar klokka 10.00. Oppgitt emne for prøveførelesinga er «The application of dominant management principles in various cultural settings».

Alle interesserte er velkomne til både prøveførelesing klokka 10.00 og disputas klokka 12.00.

Disputasen blir leia av dekan Gro Ellen Mathisen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet.

Hovudrettleiar i doktorgradsarbeidet har vore professor emeritus Reidar J. Mykletun (UiS).

Arrangementet er i Ø-120 i Arne Rettedals hus (kart) på universitetsområdet.

Susan Peisan Chen

Susan Peisan Chen