MENY

Disputas om viktige møteplasser for rusbrukarar

Trond Erik Grønnestad disputerer 24. mai for grada philosophiae doctor ved Det helsevitskaplege fakultet. I avhandlinga ser han nærare på samlingsstader for personar som brukar rusmidlar.

Trond Erik Grønnestad forsvarar doktorgrada «Benken – et sted å være? En etnografisk studie i et åpen illegalt rusmiljø».

Alle interesserte er velkomne, både til prøveførelesinga som byrjar klokka 10.00 og til sjølve disputasen som byrjar klokka 12.00.

Tildelt emne for prøveforelesinga er «Sosiale konstruksjoner og sosialkonstruktivisme. En kritisk diskusjon».

Leiar av disputasen er dekan Kristin Akerjordet, Det helsevitskaplege fakultet ved Universitetet i Stavanger.

Hovudrettleiar i doktorgradsarbeidet har vore førsteamanuensis Hildegunn Sagvaag (UiS), medan professor Philip Lalander ved Malmö universitet har vore medrettleiar.

Arrangementet finn stad i Kjell Arholms hus Auditorium 3 (kart).

Trond Erik Grønnestad