MENY

Disputas om krypande kriser

Reidar Staupe-Delgado disputere for graden philosophiae doctor ved Det samfunnsvitskapelege fakultet. I avhandlinga ser han på korleis krypande kriser kan handterast betre.

Reidar Staupe-Delgado forsvarer doktorgrada «Preparedness for Slow-Onset Disasters: From Contingency Planning to Proactive Disaster Response».

I teorien er kriser som kjem gradvis enklare å handtera enn kriser som treff med full styrke. Det fordi denne type kriser kan oppdagast og varslas tidlegare, noko som gjer det mogleg å respondere tidleg, noko som igjen kan redusere konsekvensane.

Likevel er det dessverre slik at krypande kriser sjeldan kjem på dagsorden, og krisene veks seg større medan dei blir oversett. Til slutt kan dei nå eit punkt kor dei blir vanskelege å reversere, og kor omfanga blir så omfattande at dei ikkje lenger kan forskyvast.

I sitt doktorgradsprosjekt utforskar Reidar Staupe-Delgado kvifor proaktiv respons er så utfordrande ved krypande kriser. Resultata tyder på at det er ei oppfatning om at responsen ikkje kan komme før alvorlege konsekvensar har funne sted. Derfor trengs det ny tenking rundt korelis ein kan arbeide med førebygging, beredskap og respons til krypande kriser.

Sjølv om det finnes en rekke studier av spesifikke krypande kriser som tørke og erosjon finens det svært lite forsking på krypande kriser som overordna fenomen. Prosjektet til Staupe-Delgado baner på mange måtar veg for å etablere krypande kriser som forskingsfelt ved å få det konseptuelle grunnarbeidet på plass.

Alle interesserte er velkomne, både til prøveforelesinga som begynner klokka 10.00 og til sjølve disputasen som begynner klokka 12.00.

Tildelt emne for prøveforelesinga er «A critique of the concept of community resilience against disasters».

Leiar av disputasen er prodekan for forsking Håvard Hansen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet.

Hovedrettleiar i doktorgradsarbeidet har vore førsteamanuensis Bjørn Ivar Kruke (UiS), og  Michael H. Glantz har vore medrettleiar.

Tid og stad: 15. juni, kl 10.00 – 15.00 i Arne Rettedals hus, AR Ø-120 (kart).

Reidar Staupe-Delgado

Reidar Staupe-Delgado