MENY

Disputas om testing av robotar

Onsdag 26. august vil Morten Mossige disputera for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet ved Universitetet i Stavanger.

Mossige tek doktorgraden som nærings-phd, altså i samarbeid mellom Forskingsrådet, UiS og arbeidsgjevaren hans, ABB.

Tema for avhandlinga er korleis ein kan laga betre system for å teste industrirobotar. Mossige har utvikla nye matematiske modellar som kan føre til at robotar blir både betre og billigare. 

Den 26. august forsvarer Mossige doktorgraden i disputas ved UiS, med avhandlinga «Testing Robotics Software using Constraint Programming in a Continuous Integration Process».

Alle interesserte er velkomne både til prøveførelesing kl. 10:00 og disputas kl. 12:15.

Emne for prøveførelesinga er: «SAT/SMT solving: theory, implementation, and applications».

Arrangementet finn stad i Kjølv Egelands hus, auditorium E-164. Sven Ole Aase, leiar av Institutt for data og elektroteknikk, er vertskap for disputasen.

Morten Mossige