Barnehagekonferansen 2009


Årets barnehagekonferanse tek føre seg kulturelt mangfald og identitet. Konferansen finn stad på Universitetet i Stavanger torsdag 28. mai 2009.

Det norske samfunnet er meir mangfaldig og samansett enn tidlegare, og det får konsekvensar for barnehagane. I Kunnskapsdepartementet sitt temahefte om språkleg og kulturelt mangfald heiter det at målet må vere at barnehagane skal gå frå å vere barnehagar med minoritetar til å vere barnehagar med ein fleirkulturell pedagogisk teori og praksis.
Barnehagekonferansen 2009 vil kaste lys over nokre av oppgåvene og utfordringane som barnehagane møter i ein mangfaldig kvardag. Konferansens fulle tittel er ”Den fleirkulturelle barnehagen – mangfald og identitet”. Arrangementet er eit samarbeid mellom Universitetet i Stavanger, Fylkesmannen i Rogaland og Utdanningsforbundet Rogaland.

Målgruppe for konferansen: Alle som arbeider i og med barnehagar.

Frist for påmelding: 14. mai. Bruk påmeldingsskjema på Fylkesmannen sine nettsider for konferansen.
Konferanseavgift: kr. 600,-. Enkel lunsj er inkludert. Konferanseavgifta blir fakturert etter konferansen.
Tid: Torsdag 28. mai kl. 09.00 - 16.00
Stad: Universitetet i Stavanger, Arne Rettedals hus, auditorium G001.

Last ned brosjyre med programmet for konferansen (pdf-format)

For meir informasjon kan ein ringa Liv Svendal hos Fylkesmannen på telefon 5156 8739. Førstelektor Monika Röthle ved Institutt for førskolelærarutdanning (IFU) er kontaktperson ved UiS, telefon 51833431.

Du kan og halde deg oppdatert på Fylkesmannen sine nettsider for konferansen.

 


Publisert av Leiv Gunnar Lie (16.07.2009)

Skriv ut artikkel print
Portrett av førstelektor Monika Röthle.
Førstelektor Monika Röthle er medlem av organisasjonskomiteen for Barnehagekonferansen 2009. Temaet er den fleirkulturelle barnehagen.