< Finn faglitteratur

Alfabetisk liste over databaser

MENY

Søk etter ein bestemt artikkel i eit tidsskrift


Når du kjenner navnet på tidsskriftet, samt år og sidetal på artikkelen, kan du søkje etter han i BIBSYS Ask.
Huk av på "E-tidsskrift" og "Trykte tidsskrift". Velg søkjefelt "Tittel" og søk på tittelen til tidsskriftet. I Bibsys Ask kan ein ikkje søkje etter bestemte artiklar, ein må gå via tidsskriftet artikkelen står i.
 

  • Biblioteket har papirutgåva av tidsskriftet:
    Sjå "Beholdning" i BIBSYS Ask om vi har årgangen du treng.
    Dei aller nyaste numra finn du på tidsskriftshyllene, spør bibliotekarane om eldre utgåver. Tidsskrift blir ikkje lånte ut til studentar, men du kan ta kopi i biblioteket.


  • Biblioteket har elektronisk utgåve av tidsskriftet:
    Du kan følgje linken til den elektroniske utgåva som du finn nederst på skjermen i BIBSYS Ask. Leit deg fram til rett nummer og sidetal, og til slutt kan du lese eller skrive ut artikkelen.


  • Artiklar frå tidsskrift vi ikkje har, kan vi bestille til deg frå andre bibliotek.
    • Hvis eit anna Bibsys-bibliotek har tidsskriftet kan du søkje det opp i BIBSYS Ask (nasjonalt)
    • Klikk på tidsskriftnamnet (blå lenke).
    • Klikk [Bestill], fyll inn bestillingssjemaet, og send bestillinga. 
       
  • Dersom ikkje noko Bibsys-bibliotek har tidsskriftet, kan vi likevel hjelpe deg å skaffe artikkelen:
    Du søkjer i BIBSYS Ask (nasjonalt), og får 0 treff i Bibliotekbasen. Til høgre på skjermbiletet vil det vere ein blå lenke [Bestilling]. Klikk på den, og du får eit blankt bestillingsskjema. Fyll inn alle relevante felt, og send bestillinga. Du vil bli kontakta pr e-post / SMS når du kan hente artikkelen i skranken på biblioteket.