OBS!! Vi gjer merksam på at bruk av databasar og tidsskrifter pga. lisensavtalar berre kan nyttast i samband med studiar/arbeid ved UiS. Tidsskriftartiklar etc. skal ikkje sendast til personar utan tilknyting til UiS!
Før du gjer bruk av denne tenesta, bør du setje deg inn i gjeldande kopi- og nedlastingsreglar (avtale mellom Kopinor og Universitet- og høgskolerådet).
Spesielle restriksjonar på enkelte databasar kan gjere at desse ikkje kan nåast via proxy.
Innlogginga fungerer berre så lenge du er student eller tilsett ved UiS.
Innlogging
- Innlogging skjer på http://ezproxy.uis.no
- Svar Ja, OK eller klikk på eventuelle sikkerhetsåtvaringar som kommer fram. Klikk deg same kva framover .
- Skriv inn brukarnamn og passord (det du bruker for å logge deg å PC'er på campus). Studentar loggar inn med studentnummer og passord og tilsette med innloggingsnamnet og passordet sitt.
- Du kjem til biblioteket si startside og vel dei ressursane du ønskjer å bruke på same måte som når du er på campus.
- I nettlesaren sitt adressefelt skal du sjå ezproxy.uis.no. som ein del av URL'en. Om denne adressa er borte, har du mist tilgang til proxyservaren. Gå tilbake til biblioteket sine nettsider og logg på ein gong til.
Utlogging
- Lukk alle opne nettlesarar for å kutte sambandet til proxyservaren. Spesielt viktig når du sit ved ein PC som andre kan nytte.
- Utlogging skjer automatisk dersom du ikkje har brukt nokre av databasane den siste timen.



