Lån og forny

På Universitetsbiblioteket i Stavanger kan du låne bøker og anna materiale, heilt gratis!

For å låne materiale frå biblioteket må du ha studentbevis, tilsettkort eller anna lånekort. Alle personar over 16 år kan få lånekort hos oss. Ta kontakt med oss i skranken, så hjelper me deg!

Lånetida er vanlegvis tre veker. Du kan fornye låna dine dersom det ikkje er venteliste. Du kan enkelt fornye låna dine sjølv ved å logge deg inn på oria.no. Du finn meir informasjon om korleis du fornyar lån her.

Hugs at du er personleg ansvarleg for det materialet du har lånt. Dersom du leverer for seint, eller du mistar noko, risikerer du å måtte betale purregebyr eller erstatningskrav. Les alle lånereglane for Universitetsbiblioteket i Stavanger her.