MENY

Bestille bøker og artiklar frå andre bibliotek

Treng du bøker eller artiklar som ikkje er tilgjengelege ved Universitetsbiblioteket i Stavanger? Då kan du bestille det frå andre bibliotek.

  • Gå til oria.no

  • Logg deg inn med FEIDE.

  • Søk i fanen «Alle bibliotek».

  • Hak av for «Inkluder materiale ditt bibliotek ikkje har tilgang til» for å få treff på artiklar.

  • Klikk på tittelen og trykk på "Bestill lån / bestill kopi" under «Finn og bestill». Send bestillinga ved å klikke «Bestill dokument».

 

Ver oppmerksam på at dette berre gjeld for studentar og tilsette ved UiS. Studentar frå andre universitet og høgskular kan bestille bøker frå andre bibliotek via oss, men må kontakte biblioteket ved sin eigen utdanningsinstitusjon for bestilling av artiklar. Andre lånarar kan kontakte sitt lokale folkebibliotek.

Dersom du ikkje finn det du treng i Oria, kan du sende bestillinga på e-post til ub@uis.no. Hugs å inkludere så mykje informasjon som mogeleg om det du vil bestille, til dømes tittel på tidsskrift, forfattar, artikkeltittel, år, volum, nummer og sidetal.

Bestilte bøker kjem som regel i løpet av 1-2 veker. Artikkelkopiar kjem som regel i løpet av ein eller to dagar. Du får beskjed på SMS eller e-post når dokumentet er klart til å hentast.