MENY

Lånereglar

Kven kan låne?
Universitetsbiblioteket i Stavanger er eit offentleg bibliotek. Lånerett blir gitt til personar over 16 år.

Registrering
Lånekort blir gitt mot framvising av legitimasjon. Kortet er personleg og kan ikkje brukast av andre. Lånar skal gjere seg kjend med lånereglane før kortet blir tatt i bruk.

Studentkort ved UiS gjeld som lånekort. Studentar melder adresseendring i Studentweb, andre tek kontakt med biblioteket.

Lånetid
Lånetid for bøker, studentoppgåver, noter og liknande:

  • Tre veker på Ullandhaug
  • Tre veker på Arkeologisk museum
  • Tre veker for bøker og seks veker for noter i Bjergsted

Det er mogleg å fornye lån dersom det ikkje er venteliste.

Ein kan sjølv fornye lån ved å logge seg på www.oria.no. Maksimal lånetid på bøker er 6 månader.

Bestille lån og kopi
Bøker som ikkje er utlånt kan ein sjølv finne på hylla. Bøker som er utlånt, eller som berre finst ved andre bibliotek, kan ein bestille. Materiale som biblioteket ikkje har kan lånast inn for eigne og eksterne studentar og tilsette ved UiS.

Ansvar
Lånar er personleg ansvarleg for alt som er registrert på lånekortet. Vidarelån til andre er ikkje tillate.

Studentar pliktar å lese e-postmeldingar frå biblioteket.

Tap av lånerett
Misleghald av lånereglane kan medføre tap av lånerett ved biblioteket.