MENY

Purregebyr og erstatningskrav

Purregebyr

Du får eit varsel tre dagar før låna dine har forfall. Dersom du ikkje leverer i tide gjeld følgjande satsar:

1.purring: Gratis
2.purring: 25 kroner pr. dokument
3.purring: 25 kroner pr. dokument


Betale purregebyr

Har du fått purringar på for seint leverte lån, kan du betale dette med Vipps. Appen Vipps kan du laste ned i App Store, Google Play, eller Windows Phone Store.

Du finn rettleiing for betaling med Vipps til Universitetsbiblioteket her [PDF]. Ønsker du faktura i staden for å betale med Vipps, vil du bli belasta 100 kroner i administrasjonsgebyr i tillegg til purregebyret.


Erstatning ved tap eller skade

Du må erstatte tapte eller skadde dokument. Understreking og notering i dokument blir rekna som skadeverk. Krav om erstatning blir sendt ut etter 3.purring.

Dokument som ikkje blir levert inn, eller blir øydelagt, blir kravd erstatta etter desse satsane:

  • Bøker: 500 kroner eller meir når boka sin verdig overstig 500 kroner. Du kan òg erstatte boka ved å kjøpe nytt eksemplar. Erstatningseksemplaret skal vera nyaste utgåve av boka.
  • Tidsskrifthefte, studentarbeid, DVD, CD, notar, rapportar: 250 kroner eller meir når dokumentet sin verdi overstig 250 kroner.
  • Samsung-nettbrett fra Hublet: 4000 kroner. Dette beløpet er fastsatt på grunnlag av innkjøpspris.

Erstatningskrav blir fakturert. Dersom du leverer lånet etter du har fått faktura vil me kreditera beløpet. Du vil framleis måtte betale eventuelle uteståande purregebyr.

Purregebyr og erstatningskrav på 250 kroner eller meir fører til mellombels tap av lånerett.

Krav som ikkje blir innfridde blir sende til inkasso.