MENY

Utlånsautomatane i biblioteket

Du kan bruke utlånsautomatane i biblioteket til å låne, returnere og fornye dine lån. Dette kan du gjere når son helst, heile døgnet!

Låne

Vel "Utlån" på skjermen. Skann strekkoden på lånekortet ditt eller studentkort-appen og legg materialet du vil låne på plata foran skjermen. Så snart du ser tittelen på materialet på skjermen, er det lånt ut til deg.

Returnere

Du treng ikkje lånekort for å returnere bøker. Velg "Innlevering" på skjermen og legg materialet på plata foran skjermen. Du får beskjed om å anten legge materialet i hylla, eller i boksen ved sida av automaten.

Fornye

Vel "Forny/Status" på skjermen. Skann strekkoden på lånekortet ditt eller studentkort-appen og hak av for dei låna du ønsker å fornye. Her kan du òg sjå ei oversikt over dine bestillingar.