MENY

Fornye, reservere og bestille lån


Søk i biblioteket sin katalog
Fornye lån
Reservere bøker
Bestille bøker og artikkelkopiar frå andre bibliotek (fjernlån)

 
Søk i biblioteket sin katalog
Start søket i biblioteket sin katalog Oria. Her kan du søkje etter titlar på bøker, tidsskrift og artiklar. Du kan og søkje etter eitt eller fleire emne.

Dersom du ikkje finn det du ønskjer i vår samling kan du søkje i «Alle bibliotek» i Oria. Oria dekkjer alle universitets- og høgskulebibliotek i Noreg, samt mange andre fagbibliotek.
 

Fornye lån
Ønskjer du å fornye låna dine gjer du slik:

  • Logg på Oria via Feide
  • Klikk på "Min konto"

    minkonto.jpg%20%28rw_largeArt_321%29
     

Dersom du ikkje er student eller tilsett ved UiS må du ha eit passord frå Bibsys for å logge deg inn i Oria. Ta kontakt med ub@uis.no om du ikkje har fått dette passordet, så vil vi bestille det for deg


Dette kan du ikkje fornye sjølv:

  • Materiale som er reservert av ein annan lånar.
  • Bøker du har hatt i 6 månader (2 år for tilsette). Desse kan fornyast dersom du tar dei med til biblioteket.
  • Dersom du har fått erstatningskrav på eitt eller fleire lån.
     

Reservere materiale
Dersom eit dokument du ønskjer å låne allereie er utlånt eller reservert av ein annan lånar, kan du setje deg på venteliste.

Slik gjer du:

  • Søk opp dokumentet i Oria. Sjekk utlånsstatus under «Finn og bestill».
  • Trykk på «Logg på for bestillingsmuligheter»
  • Logg på via Feide
  • Trykk «Bestill dokument», og så "Bestill dokument" også på neste skjerm.

Dokumentet blir reservert til deg og du får melding på SMS eller e-post når det kan hentast på biblioteket. Du har fire dagar på deg til å hente dokumentet etter at hentemelding er sendt.

Dokument som står tilgjengeleg på hylla kan ikkje reserverast.
 

Bestille bøker og artikkelkopiar frå andre bibliotek (fjernlån)
Søk i «Alle bibliotek», og bruk same framgangsmåte som når du reserverer materiale frå vår samling. 

Studentar og tilsette ved UiS kan bestille bøker og artiklar frå andre bibliotek gratis. Studentar frå andre universitet og høgskular kan bestille bøker frå andre bibliotek gratis.

Ver merksam på at eksterne studentar i dei fleste tilfelle får gratis tenester frå sitt eige bibliotek. Andre eksterne lånarar får i dei fleste tilfelle gratis tenester frå sitt lokale folkebibliotek.

Dersom du ikkje finn dokumenta du leiter etter i ORIA kan du sende ein førespurnad på e-post til ub@uis.no. Hugs å inkludere all informasjon om dokumentet du ønskjer. For artiklar gjeld det tidsskrifttittel, forfattar, artikkeltittel, år, volum, nummer og sidetal.

Me vil bestille materialet for deg. Tilgjengelege dokument kjem som regel innan ei veke. Artikkelkopiar kjem som regel i løpet av ein eller to dagar. Du får tilsendt beskjed på SMS eller e-post når dokumentet er klart til å hentast.

Personvernerklæring for Oria