Forside» Bibliotek» Om biblioteket

Om biblioteket


Biblioteket er primært ein ressurs for universitetet sine tilsette og studentar. Biblioteket tilbyr også tenester til privatpersonar, andre bibliotek og næringslivet.


Vi tilbyr mellom anna:

 

  • vitskapeleg litteratur innanfor emne det vert undervist i og forska på ved universitetet.
  • databasar, tidsskrifter, elektroniske bøker og andre medier som dekkjer studiar og fagområde ved universitetet.
  • kurs i litteratursøking og gode råd ved oppgåveskriving.

 


 

Ullandhaug
Det største avdelingsbibliotek er lokalisert i Kjølv Egelands hus. Samlingane der dekkjer dei tre fakulteta som held til på Ullandhaug: Teknisk-naturvitenskapeleg fakultet, Samfunnsvitenskapeleg fakultet og Humanistisk fakultet
 


 
Bjergsted
Avdeling Bjergsted ligg i Bjergstedparken nær Stavanger sentrum, og dekkjer faga innanfor musikk og dans. På lytterommet kan du lytte til musikk fra platesamlinga vår, som består av i alt ca. 4000 CD- og 3000 LP-plater innan klassisk musikk, jazz og folkemusikk. Du kan velje mellom ca. 14000 notar for ulike instrument/ besetningar, dei fleste er til utlån. 

 


 

Arkeologisk museum
Biblioteket på Arkeologisk Museum ligg i Peder Klows gate, nær Stavanger sentrum. Det er ope for museet sine gjestar og alle andre som er interesserte i fagområdene museet dekkjer: Arkeologi, botanikk, geologi, historie, konservering og museologi.


Publisert av John David Didriksen (19.08.2011)

Skriv ut artikkel print
Kart over biblioteket på Ullandhaug


E-post og telefon


Avdeling Ullandhaug
Kjølv Egelands hus
Telefon: 51 83 11 00
ub-ullandhaug@uis.no

Avdeling Bjergsted
Bjergstedparken
Telefon: 51 83 40 10
ub-bjergsted@uis.no

Arkeologisk Museum
Våland
Telefon: 51 83 26 10
ub-ark@uis.no

Postadresse: 4036 Stavanger


Personale i biblioteket