Tenester frå Universitetsbiblioteket
Bestilling av dokument
Levering av dokumenter
Kopiar
Lån
Andre tenester
Kurs i informasjonssøking
Prisar
Tenester frå Universitetsbiblioteket:
- Lån frå biblioteket sine samlingar. (Sjå lånereglar her)
- Lån av dokument frå andre bibliotek.
- Bestilling av kopiar og tidsskriftartiklar.
- Generell opplæring i bruk av informasjonsressursar, for eksempel databasar, bibliotekkatalogar, Internett etc.
- Litteratursøk i eksterne databassr.
Kontakt Brukarservice for å inngå avtale med Universitetsbiblioteket: E:post ub@uis.no. Telefon: 51 83 11 20 el. 51 83 11 00
Bestilling av dokument
Lever lista med referansar (kva bøker og artiklar som skal skaffast) til Universitetsbiblioteket, Ullandhaug. Ta gjerne kopi av litteraturlister. Send ein e-post, fax eller eit brev til biblioteket. Bestillingen kan og leverast i skranken på bibilioteket.
Levering av dokument
Leveringstida er avhengig av om dokumentet finst i eigen samling, eller om vi må skaffe lån eller kopi frå eit norsk eller utanlandsk bibliotek. Kopiar og bøker frå eigen samling vert sendt eller gjort klare for henting same dag.
Kopiar
Artiklar vert normalt sendt i posten, eller på fax om dette er ønskeleg. Normal leveringstid for artiklar er 1-7 dagar.
Du må gje beskjed ved bestilling dersom du ønskjer å henta artiklane i biblioteket.
Mottakaren kan behalde artikkelkopiar.
Lån
Alle lån må hentast på, og leverast tilbake til universitetsbiblioteket, avdeling Ullandhaug. Vi sender beskjed på e-post når bøkene er klare til henting. Hentefrist er 7 dagar. Bøker som ikkje vert henta innan fristen vert returnert.
Normal leveringstid er 7-10 dagar.
Andre tenester
Litteratursøk
Universitetsbiblioteket har tilgang til ei lang rekkje betalingsdatabasar innan aktuelle fagområde. Vi kan søke i databasar innan dei fleste fagområde, til dømes petroleum, biologi, miljø eller samfunnsfag.
Kurs i litteratursøking
Biblioteket tilbyr kurs i litteratursøking i databasar og i søking på Internett
Prisar
Faktura for artikkelkopiar, innlån og litteratursøk vert utsendt kvartalsvis.
| Lån av dokument frå eigen samling: |
Gratis |
| Dokument lånt inn frå andre bibliotek: |
150,- |
| Artikkelkopiar levert frå eigen samling eller andre bibliotek: | 150,- |
| Litteratursøk: |
600,- per påbegynt time + databasekostnader |
| Sending av artiklar på faks |
100,- |



