Forside» Bibliotek» Om biblioteket» Lånereglar

Lånereglar


Kven kan låne?
Universitetsbiblioteket i Stavanger (UBiS) er eit offentleg vitskapleg bibliotek. Lånerett blir gitt til personar over 16 år.

Registrering
Lånekort blir gitt mot framvising av legitimasjon, og er eit personleg kort som ikkje kan brukast av andre. Lånekortet (nasjonalt lånekort) kan brukast. Endring av adresse blir straks meldt til UBiS. Lånaren skal gjere seg kjend med lånereglane før kortet blir teke i bruk.

Studentkort ved UiS gjeld som lånekort. Studentar ved UiS kan sjølv endre adresse i Studentweb.

Lån
Lånetida for bøker er fire veker, med moglegheit for forlenging. Dersom det er venteliste kan bøkene kallast inn etter 14 dagar. Anna materiale kan ha kortare lånetid. Maksimal lånetid er fire månader.

• Tredje purring medfører tap av lånerett inntil dokumentet er levert eller lånetida fornya.
• Tilsette kan ha opptil 75 dokument frå biblioteket på ein gong, medrekna innlånte dokument.
• Studentar kan ha opptil 25 dokument frå biblioteket på ein gong, medrekna innlånte dokument.

Dokument utlånt ved UBiS skal returnerast til UBiS. Dette gjeld og innlånte dokument.

Bestille lån og kopi
Materiale som biblioteket ikkje har kan lånast inn utan vederlag for eigne og eksterne studentar og tilsette ved UiS.

Innlån og kopi til eksterne brukarar blir tilbode etter desse prisane:
Innlån og kopi til privatpersonar og bedrifter: kr 150,-
Kopi til eksterne studentar: kr 50,-

Ansvar
Lånar er personleg ansvarleg for alt som er registrert på lånekortet. Vidarelån (framlån) er ikkje tillate. Skade på og tap av dokument kan medføre erstatningsansvar.

Dokument kan ikkje takast ut av landet utan etter avtale.

Studentar pliktar å lese e-postmeldingar frå biblioteket i It’s learning.

Erstatningsansvar
Lånar må erstatte dokument som er tapte eller skadde. Understreking eller notering i dokument blir rekna som skadeverk. Erstatningskrav blir sendt ut etter tredje purring.

Dokument som ikkje blir levert inn eller blir øydelagt, blir krevd erstatta etter desse satsane:
• Bok kr 500,- eller meir når boka sin verdi overstig 500,-

• Tidsskrifthefte, studentarbeid, DVD, video, plater, notar, rapportar kr 250,-, eller dokumentet sin verdi dersom den overstig 250,-

• Gebyr kr 250,- kjem i tillegg til erstatningssummen

Erstatningskrav fører til midlertidig tap av lånerett.
Erstatningskrav som ikkje blir innfridd sendes til rettsleg inkasso.

Tap av lånerett
Misleghald av lånereglane kan medføre tap av lånerett ved UBiS.


Publisert av John David Didriksen (06.01.2011)

Skriv ut artikkel print
Forny lån i Bibsys:
Forny lånene dine selv:
Brukernavn
Passord
i BIBSYS [hjelp]
[Bestill passord]


 


       
          ÅPNINGSTIDER