Lån
Dersom du bur utanfor Rogaland eller i Nordfylket, kan vi avtale at bøker og artiklar blir sendt heim til deg. Vi sender deg bøker frå eigne samlingar og skaffar innlån frå andre bibliotek når det er nødvendig. Purringar og andre meldingar blir sendt til deg på e-post (den som blir lesen i it's learning.) Tidsskrifter blir ikkje lånte ut til studentar, men vi sender deg kopiar av artiklar frå eigne tidsskrifter og frå andre bibliotek. Lån kan fornyast såframt ingen står på venteliste.
Gjer deg kjend med lånereglane.
Bestilling av lån
Lån skal primært bestillast via Bibsys. For å bestille må du fyrst vere registrert som låner. Sjå framgangsmåte for bestilling av lån.
Retur av lån
Fjernstudentar som får tilsende bøker frå Universitetsbiblioteket eller som låner bøker ved opphald på universitetet, må returnere desse på eigen rekning. Alternativet er å bruke fjernlån frå nærmaste folkebibliotek. Folkebiblioteket vil ikkje returnere bøker du sjølv har lånt frå Universitetsbiblioteket.
Tilgang til databasar
Dersom du som fjernstudent har PC med tilgang til internett, kan du søkje i biblioteket sine databasar, elektroniske bøker og tidsskrifter heimanfrå . Ein proxyservar gir alle studentar og tilsette moglegheit til å kople seg opp til desse ressursane utanfor UIS' nettverk via biblioteket sine heimesider. Les meir




