Kvifor er sitering og litteraturlister nødvendig?
- For å påskjøne andre sitt arbeid som du har brukt i oppgåva.
- For å gjere det enkelt for lesaren av oppgåva å finne kjeldene dine og kontrollere fakta.
- Når du bruker andre forfattarar sine ord eller idéar skal du sitere kjelda. Å ikkje sitere korrekt er det same som å seie at dette er dine eigne tankar og idéar. Det er plagiat og juks!
- Om du skriv om eller siterer direkte, må du vise til kjelda der du fann utsegnene. Når du bruker ein annan person sine ord direkte skal sitatet skrivast med hermeteikn.
Val av referansesystem
Det finst ei rekkje ulike stilar for ei litteraturliste. Vi skil mellom to hovudmetodar; Harvardsystemet som bruker forfattar-årstal og Vancouversystemet som er numerisk. Mange fagområde har eigne stilar som blir brukte. Spør rettleiar eller faglærar om val av stil.
Sortering etter forfattar/årstal (Harvardsystemet)
Forfattar og år blir sitert i teksten, f.eks. (Aven 1991). Litteraturlista er ordna alfabetisk.
Harvard (NTNU)
APA 6. utgave (Høgskolen i Hedmark)
Chicago 15th A (Univ. i Bergen)
Chicago 15th B (Univ. i Bergen)
Numerisk sortering (numeriske stilar)
I teksten set ein eit løpenummer som viser til same tal i litteraturlista.
Referanselista i litteraturlista kjem i den rekkjefølgja dei blir brukt i teksten.
- Vancouverstil (UBIT)
Gode rettleiingar på nettet:
- Universitetsbiblioteket i Bergen
- Universitetsbiblioteket i Trondheim




