Få hjelp til å finne fram til litteratur, vurdere kvaliteten på informasjonen, skrive oppgåve og lage litteraturlister:
E-læringskurs frå Universitetsbiblioteket
Biblioteket har til nå produsert to interaktive kurs. Det eine er for sjukepleiefaget og det andre er for humanistiske fag, men begge har element som er nyttige for alle studentar. I desse to kursa lærer du mykje som vil vere nyttig når du skal søkje etter informasjon i studier og arbeid, gjennom tekst, oppgåver og filmsnuttar.
Søk & Skriv
Eit nettbasert kurs som tek for seg litteratursøk og skriving som kreative prosessar, og etiske krav til skriving av akademiske tekstar. HIB, NHH, UIB
VIKO
Interaktivt kurs i informasjonskompetanse (hjelp i informasjonssøking og oppgåveskriving), frå NTNU.
råd & VINK
Rettleiing i gjennomføring av eit prosjektarbeid eller skriftleg oppgåve og praktiske tips og øvingar i studieteknikk, informasjoninnhenting og skriveteknikk, frå HSH og HIT.
Nettguiden
Nettguiden frå Bærum bibliotek er eit hjelpemiddel for å lære meir om effektiv og kjeldekritisk søking på nettet. Du lærer og å benytte deg av fleire kjelder enn dei ein kanskje vanlegvis kjem på.
Et plagieringseventyr
Video fra Universitetet i Bergen. Den forteller historien om en student som hjemsøkes av Plagieringsspøkelset når han prøver å jukse seg til et godt resultat. Videoen har fått internasjonal oppmerksomhet og over 180 000 treff.
Kva er ein vitskapeleg artikkel?
Grundig kurs med gode råd for å vurdere om ein artikkel er vitskapleg. Frå Karolinska Institutet i Sverige
Evaluating Internet Health Information
Interaktivt kurs i korleis du skal vurdere og evaluere informasjon du finn på Internett. Som tittelen tilseier er kurset spesielt retta inn mot helsefag, men råda som blir gitt gjeld også for andre fagområde.
Søk smartare - skriv betre

Det er mange leseplasser i biblioteket



