- Søke etter bøker og tidsskrift
- Fornye låna dine
- Reservere bøker
- Bestille bøker og artikkelkopiar frå andre bibliotek (fjernlån)
Søk etter bøker og tidsskrift
Start søket i biblioteket sin katalog Bibsys Ask hvis du søker etter bøker eller eit tidsskrift.
Du kan ikkje søke etter artiklar i Bibsys, kun etter tidsskriftstitlane der artiklane er publisert.
Hvis du ikkje finn det du ønsker i vår samling kan du søke i heile Bibsys. Bibsys dekkjer alle universitets- og høgskulebibliotek i Noreg, samt mange andre fagbibliotek. Tilsette kan kostnadsfritt bestille artiklar og bøker som blir eigde av andre bibliotek.
Fornye lån
Ønskjer du å fornye låna dine, skal du:
- logge på som brukar i Bibsys. (Brukarnamn = nummer bak på studentkort/tilsettkort)
- bestille passord om du ikkje har fra før
- klikke på "Min side"
- klikke på "Låneoversikt"
- klikke på "Forny"
Dette kan du ikkje fornye sjølv:
- Materiale som er reservert av ein annan låner
- Bøker du allereie har hatt i 4 månader (2 år for tilsett). Nytt lån kan skje ved personleg frammøte i biblioteket.
-
Innlån (bøker lånte frå andre bibliotek). Kontakt biblioteket: ub@uis.no
Du kan heller ikkje fornye dersom du har fått erstatningskrav på eit eller fleire lån.
Reservere bøker
Dersom ei bok du ynskjer å låne allereie er utlånt el. reservert av ein annan låner, kan du setja deg på venteliste. (Bøker frå det andre avdelingsbiblioteket kan du reservera sjølv om ho ikkje er utlånt).
Slik gjer du:
- Søk opp boka i Bibsys Ask (Husk! Sjekk utlånsstatus!)
- Trykk på [Bestill].
- Skriv inn LåntakerID (= nr bak på studentkort /tilsettkort) + etternamn.
- Boka blir reservert til deg og du får melding på SMS eller e-post når boka kan hentast på biblioteket.
-
Du har fire dagar på deg til å hente boka etter at hentemelding er sendt. Lånetida for bøker som andre har reservert er 14 dagar.
Bestille bøker og artikkelkopiar frå andre bibliotek
Biblioteket kan låna inn materiale vi ikkje har sjølve til studentar og tilsette ved UIS.
(Vi kan og låna inn materiale til eksterne lånarar og bedriftar. Sjå priser og vilkår her.)
Slik bestiller du innlån av bøker eller kopiar av artiklar dersom biblioteket ikkje har dokumentet sjølv:
-
Vel heile bibliotekbasen ved først å klikke på Søkekilder.

- Søk opp boka i BIBSYS Ask.
- Trykk på [Bestill]
- Skriv inn LåntakerID (= nr bak på kortet) + etternamn.
- Boka blir bestilt til deg og du får melding på SMS eller e-post når boka kan hentast på biblioteket.
- Du har ei veke på deg til å hente boka etter at hentemelding er send.
Bestille artiklar frå tidsskrift UiS ikkje har:
Dersom UBiS har tidsskrifta i trykt eller elektronisk utgåve må du sjølv ta kopi/utskrift.
På Ullandhaug finn du kopimaskin i biblioteket. Kopikort får du kjøpt hos Invivo.
I Bjergsted kjøper du kopikort i Administrasjonen, og kopimaskina er plassert i "Picadilly" (2. etg.)
Når UBiS ikkje har tidsskrifta:
- Finst tidsskriftet i Bibsys, klikk på Bestill. Dersom tidsskriftet ikkje finst i BIBSYS Ask kan du fylle ut ein blank bestillingsskjerm som kjem opp ved null treff. Opplysningane om artikkelen kan også sendast direkte til biblioteket på e-post (ub@uis.no) eller leverast i ein av bibliotekskrankane.
- Skriv inn LåntakerID (= nr bak på kortet) + etternamn.
- Sjekk at tidsskriftet du vil bestille artikkel frå er haka av og skriv inn opplysningane om artikkelen (forfattar, tittel, volum, år, nummer og sidetal).
- Trykk på [Send bestilling] nedst i skjermbiletet.
- Ei kvittering om at artikkelen er bestilt kjem opp. Oversikt over alle bestilte bøker og artiklar kan du finne ved å logge deg inn på "Min side". Sjå forklaringa under Fornye lån.
- Artikkelen kan hentast på avdelingsbiblioteket ditt etter 2-7 dagar. Melding blir send som SMS eller e-post (tilsette får artikkelkopien i internposten).
Eksterne lånarar og studentar ved andre universitet og høgskular
Eksterne lånarar blir som regel vist til det lokale biblioteket sitt for lån/kopiar av dokument som ikkje finst ved UiS sitt bibliotek. Studentar ved andre universitet og høgskular kan få tilbod om fjernlån via UBiS, men merk at biblioteka som regel har tenester for fjernstudentane sine. Sjå informasjon ved den studiestaden du er tilknytt.
Innlån og kopi til eksterne brukarar blir tilbode etter desse prisane:
- til privatpersonar og bedrifter: kr 150,-
- til eksterne studentar: kopi kr 50,-



