MENY

Tilgang heimanfrå

Studentar og tilsette ved UiS har tilgang til biblioteket sine ressursar heimanfrå.

Logg deg inn via http://ezproxy.uis.no.

  • Logg på med FEIDE.
  • I nettlesaren sitt adressefelt skal du no sjå ezproxy.uis.no som ein del av URLen. Dersom denne delen av adressa er borte, har du ikkje lenger tilgang til proxyserveren. Gå då tilbake og logg deg inn på ny.
  • Hugs at bruk av biblioteket sine elektroniske ressursar berre kan nyttast i samband med studier/arbeid ved UiS. Dette materialet er beskytta av lova om copyright. Det er ikkje tillate å vidaresenda det til andre.
  • Lukk alle opne nettlesarar for å logga ut. Dette er spesielt viktig når du sit ved ein offentleg PC.
  • Utlogging skjer automatisk dersom du ikkje har brukt nokre av databasane den siste timen.

  
Alternativ tilgang for tilsette

Tilsette kan få tilgang heimanfrå via UiS sin Citrix-server. IT-avdelinga har lagt ut ei rettleiing som viser korleis du gjer dette.