MENY
Dette er studietilbudet for studieår 2017-2018. Endringer kan komme.


Dette kurset gir ei innføring i grunnleggjande begrep i matematikk og fysikk for bruk i ingeniørfag. Kurset er retta mot studentar med yrkesfagleg bakgrunn, og vil, saman med Realfag 2 (YMF110_1), gi studentane det naudsynte grunnlaget for studiar i elektroteknikk på universitetsnivå.

Læringsutbytte

Kunnskap:

Kunne dei tema som emnet inneheld. Ha eit nødvendig grunnlag etterfølgande emne i ingeniørstudiet som bygg på matematikk og fysikk.

Dugleik:

Kunne strukturera, løysa, dokumentera og presentera oppgåver i matematikk og fysikk innan dei tema som emnet inneheld. Kunne tolka rekneresultat. Kunne bruka Matlab som støtteverktøy for mindre oppgåver.

Generell kompetanse:

Innsjå nytteverdien av matematikk som eit verktøy for å handtera oppgåver matematikk og fysikk. Sjå koblingar mellom fysikken og matematikken i bevegelseslikningane.

Innhald

Tal og talrekning. Algebra. Formlar, likningar og ulikskap. Funksjonar og andregradsuttrykk. Logaritmer og eksponentialfunksjoner. Grenseverdi og asymptotar. Derivasjon. Funksjonsdrøfting.  Følgjer og rekker. Bevegelse og kraft.

Forkunnskapskrav

Ingen.

Eksamen/vurdering

Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Ein skriftleg prøve1/14 timerA - FSpesifiserte trykte og handskrivne hjelpemiddel tillaten. Bestemt, enkel kalkulator tillate.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Rekneøvingar
Obligatoriske arbeidskrav, dvs. rekneøvingar, skal vera godkjende av faglærar innan gitt frist.

Fagperson(ar)

Faglærar
Sven Ole Aase, Sven Ole Aase
Emneansvarleg
Tom Ryen

Arbeidsformer

5 timar forelesing, 2 timar øvingsarbeid med rettleiing samt 1 time øvingsgjennomgang pr.veke.

Ope for

Elektroingeniør, yrkesveg, bachelor i ingeniørfag

Emneevaluering

Skjer vanlegvis gjennom skjema og/eller samtalar i samsvar med gjeldande retningslinjer.

Litteratur

Sinus for ettårig forkurs, Cappelen Damm 2016.

coSinus for ettårig forkurs, Cappelen Damm 2016.

Rom Stoff Tid forkurs, grunnbok, Cappelen Damm 2015.

Rom Stoff Tid forkurs, studiebok, Cappelen Damm 2015.



Dette er studietilbudet for studieår 2017-2018. Endringer kan komme.

Sist oppdatert: 23.10.2017