MENY
Dette er studietilbudet for studieår 2017-2018. Endringer kan komme.


Dette kurset gir ei innføring i grunnleggjande begrep i matematikk og fysikk for bruk i ingeniørfag. Kurset er retta mot studentar med yrkesfagleg bakgrunn, og vil, saman med Realfag 1 (YMF100_1), gi studentane det naudsynte grunnlaget for studiar i elektroteknikk på universitetsnivå.

Læringsutbytte

Kunnskap:

Kunne dei tema som emnet inneheld. Ha eit nødvendig grunnlag for Matematiske metodar 1 og Fysikk. Gjennom semesteret opparbeida kunnskap som støttar opp om dei tekniske emna som går parallelt.

Dugleik:

Kunne strukturera, løysa, dokumentera og presentera oppgåver i matematikk og fysikk innan dei tema som emnet inneheld. Kunne tolka rekneresultat samt vurdera relevans og presisjon. Kunne bruka Matlab som støtteverktøy for større oppgåver.

Generell kompetanse:

Sjå matematikk som eit nødvendig verktøy for å handtera teknisk-naturvitskaplege oppgåver. Sjå potensialet til Matlab som støtteverktøy. Sjå fysiske lovar som eit nødvendig grunnlag for å kunne modellera naturlege prosessar. Sjå koblingar mellom fysikken og matematikken i alle dei tema som emnet inneheld. Ha opparbeidd eit språk som gjer ein i stand til å kommunisera med andre om teknisk-naturvitskaplege problemstillingar.

Innhald

Vektorar. Vektorrekning. Skalarprodukt og vektorprodukt. Integralrekning. Integrasjonsmetodar. Trigonometriske funksjonar. Sannsynsrekning. Arbeidsmetodar i fysikk. Energi. Bevegelsesmengde. Meir om kraft og bevegelse.

Forkunnskapskrav

Ingen.

Tilrådde forkunnskaper

ING100 Ingeniørfagleg innføringsemne - Data og elektro, YMF100 Realfag 1

Eksamen/vurdering

Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Ein skriftleg prøve1/14 timerA - FSpesifiserte trykte og handskrivne hjelpemiddel tillaten. Bestemt, enkel kalkulator tillate.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Rekneøvingar
Obligatoriske arbeidskrav, dvs. rekneøvingar, skal vera godkjende av faglærar innan gitt frist.

Fagperson(ar)

Faglærar
Leander Nikolaus Jehl
Emneansvarleg
Tom Ryen

Arbeidsformer

5 timar forelesing, 2 timar øvingsarbeid med rettleiing samt 1 time øvingsgjennomgang pr.veke.

Ope for

Elektroingeniør, yrkesveg, bachelor i ingeniørfag

Emneevaluering

Skjer vanlegvis gjennom skjema og/eller samtalar i samsvar med gjeldande retningslinjer.

Litteratur

Sinus for ettårig forkurs, Cappelen Damm 2016.

coSinus for ettårig forkurs, Cappelen Damm 2016.

Rom Stoff Tid forkurs, grunnbok, Cappelen Damm 2015.

Rom Stoff Tid forkurs, studiebok, Cappelen Damm 2015.



Dette er studietilbudet for studieår 2017-2018. Endringer kan komme.

Sist oppdatert: 26.09.2017