Innhold
Emnet tar sikte på å styrke kompetansen til norsklærarar med særleg vinkling mot
undervisning på ungdomssteget. Studentane blir oppdaterte på sentrale felt i faget som har
vore i særleg sterk utvikling dei seinare åra.
- lesing og lesestrategier
- lesing og skriving i skulen og i kulturen
- ungdomslitteratur, medietekstar for ungdom og adaptasjon
- samansette tekstar
- tekstskaping i ulike sjangrar og medium
Arbeidsformer
Den nettbaserte delen av kurset blir lagt opp med videooverførte førelesningar og skriftleg
materiale. Studentane leverer og får respons på oppgåver, som blant anna skal knytast til ulike
former for utprøving på eigen skule. Det blir også etablert eit diskusjonsforum. Til
kommunikasjon mellom studentane og universitetet vil Classfronter eller tilsvarande LMS bli
brukt.
I tillegg blir det organisert to samlingar på 2-3 dagar i Kristiansand
Læringsutbytte
Studenten
• har god innsikt i språklege endringsprosessar i fortid og samtid
• har god innsikt i talemålsvariasjonen i moderne norsk på historisk og dialektologisk
grunnlag
• har inngåande kunnskap om norsk språkhistorie etter 1800
• har kunnskap om fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis og om det å lære norsk som
andrespråk
• har god kjennskap til samtidslitteraturen, litteraturhistorisk oversyn og kunnskapar om
sentrale verk i eldre norsk fiksjonslitteratur og sakprosa
• har kunnskapar om ulike teoretiske perspektiv og retningar i arbeidet med å forstå
litteratur
• kan samanlikne nyare og eldre tekstar med omsyn til tema og uttrykksmåte
• kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle språk- og
kulturforståing som tar den fleirkulturelle røynda på alvor
• kan bruke kunnskap om talemål og skriftspråksnormering i skriveopplæringa
• kan rettleie elevar i bruk av litteraturfagleg kjeldemateriale
Eksamen
Skriftleg 6-timarseksamen med gradert karakter.
Skriftleg eksamen i dei to emna som inngår i studiet skal skrivast på ulike målformer.
Les mer på UiA sin hjemmeside.
Kontaktperson:
Navn: Janne Korsgård
E-post: janne.korsgard@uia.no
Tlfnr: 38 14 11 66



