MENY

Disputas om språkbruken i Cambridge i mellomalderen

Geir Bergstrøm disputerer for doktorgraden i lesevitenskap 13. september 2017. Han forsvarar avhandlinga «Yeuen at Cavmbrigg - Eit studium av engelske dokument ifrå seinmellomalderens Cambridge».

Ein bunt mellomaldertekstar Ein bunt mellomaldertekstar. Språkforskarane i MELD-prosjektet har reist rundt til universitetsbibliotek og og arkiv, til og med gamle slott, i Storbritannia og lese, tolka og skrive av dei handskrivne dokumenta. (Foto: Kjetil V. Thengs)
Avhandlinga er eit studium av dokumentar skrevet på engelsk i Cambridge eller i dei nærliggande områda ein gong mellom tidleg fjortenhundretal og 1547. Hovudmåla til Geir Bergstrøm har vært å undersøka språkbruken i Cambridge i mellomalderen og sjå kva for rolle språksamfunnet i byen kan ha spelt i utviklinga av standard engelsk.
 
Avhandlinga er ein del i eit større forskingsprosjekt, «The Language and Geography of Middle English Documentary Texts» (MELD), og bygger på eit tekstkorpus Bergstrøm sjølv har kompilert, «A Corpus of Cambridge Documents» (CCD).   

Ved hjelp av metodar utvikla saman med dei andre medlammane i MELD-prosjektet blir den språklege variasjonen i tekstane relatert til metadata og tekstkategoriar som kor og når teksten blei skriven, sjanger og domene, i tillegg til utsjåande, kvaliteten og storleiken til sjølve manuskriptet.

Ortografiske variablar

Undersøkinga er basert på ortografiske variablar, som til døme (sh), (th) and (wh), og morfologiske variablar slik som personleg pronomen og verb endingar. Variasjonen er relatert både til kronologi og funksjonen til tekstane, samt opphavet. Han blir også relatert til variasjonen i tekstar ifrå andre stadar i England, inklusive London.  

Eit av funna er at skritspråket i Cambridge er forskjelleg ifrå elles i regionen. Det kan tyda på at skriftspråket utvikla seg i eit anna tempo og retning i bymiljøet rundt universitetet enn kva som var tilfelle i dei meir rurale områda elles i East Midlands og East Anglia.

Utviklinga mot eit standard skriftspråk

Funna elles viser at Cambridge lå langt framme i utviklinga mot eit standard skriftspråk. Det er relativt færre forskjellege stavingar i tekstane ifrå Cambridge enn elles i England. Sjølv om hovudvarianten ikkje alltid er den som endte opp i standarden kan dette tyda på at språksamfunnet i Cambridge spelte ei rolle i utviklinga mot eit standard skriftspråk. 

I tillegg viser funna at skrivarane frå tid til anna valte former utifrå reint praktiske hensyn. Til døme ser ein at <þ> blei nytta i staden for <th> i manuskript kor det var lite plass til teksten eller i visse tekst-typar for å spare både plass og tid. Eit anna døme er bruken av stum <-e>. I ein tekst er han nytta til å forlenga ord og strekkja ut teksten for å fylla opp manuskriptet. Variasjonen ein finner i skriftleg språk kan altså ha sitt opphav utifrå heilt andre faktorar enn den ein finner i muntleg.

Skriftleg versus muntleg språk 

Sia historiske språk kun overlever i form av skrivne tekstar, meiner Bergstrøm difor ein må vera særs forsiktig med å ukritisk benytta dei forskjellege metodane som har blitt utvikla for å studera språkleg variasjon då desse stort sett er retta imot muntleg språk. Skrifleg språk må bli studert som noko eiga, separat ifrå muntleg.  

Ein type dokument er forskjelleg ifrå dei andre. Gildeskråer har meir til felles med litterære tekstar enn dei andre dokumenta i korpuset. Ikkje bare liknar dei meir i utsjåande, men også reint språkleg. Språket i dei er meir konservativt, meir likt dei ein finner religiøse tekstar ifrå same tida.  

Disputasen

Prøveforelesinga, med tildelt emne «Current trends in Middle English dialectology and standardization: new evidence from fifteenth-century documents», er klokka 10.00. Sjølve disputasen startar klokka 12.00.

Disputasen finn stad i Arne Rettedals-hus (AR), auditorium V-101.

Professor Merja Stenroos ved Universitetet i Stavanger har vore hovudrettleiar for doktorgradsarbeidet. 

Professor Jeremy J. Smith ved University of Glasgow og doktor Jacob Thaisen ved Universitet i Oslo har vore medrettleiarar.

Alle interesserte er velkomne, både til prøveforelesinga og til sjølve disputasen!

Tekst: Elin Nyberg