MENY

Forsking ved Institutt for barnehagelærarutdanning

Institutt for barnehagelærarutdanning har eit aktivt forskingsmiljø som forskar blant anna på læringskulturar i barnehagen.

Bildet syner fleire born som leiker i ein sandkasse i ein barnehage.

Forskinga ved UiS er organisert i forskargrupper kalla programområde for forsking. Ved Institutt for barnehagelærarutdanning er det etablert eit programområde som heiter Læringskulturar i barnehagen (lenkje til våre forskingssider). Innanfor dette programområdet er det fleire forskingsprosjekt.

Nedanfor har vi lista opp dei større prosjekta som instituttet deltek i:

VEBB-prosjektet

Barnehageforskarar ved Lesesenteret og UiS har saman med Stavanger Kommune blitt tildelt 6 millioner kroner frå FINNUT til forskingsprosjektet «Bøker og apper: Utvikling av vurderingsverktøy for e-bøker for barn (VEBB)». 

I løpet av to år vil barnehageforskarane våre samarbeide med barnehagar for å utvikle ein app for vurdering av e-bøker. Målet er å gje barnehagane eit forskingsbasert, enkelt verktøy, som dei kan nytte til å vurdere om enkeltbøkene som eksisterer på lesebrett vil fremje eller hemme borna si språklæring i lesinga som føregår i barnehagen.

Læring av verdiar

Læring av verdiar i nordiske barnehagar er eit prosjekt som ser nærare på læring av verdiar i tidleg alder. Denne nordiske  studien omfattar landa Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige. Kring 480 vaksne og 1930 barn mellom eitt og seks år skal delta.

Prosjektet er finansiert av Nordforsk, og Institutt for barnehagelærarutdanning ved UiS har det faglege og administrative ansvaret.

Gode barnehagar i Noreg

Instituttet er og partnar i prosjektet GoBaN, eller Gode barnehagar for barn i Noreg (lenkje til ekstern nettstad).

GoBaN er det største forskingsprosjektet på barnehagefeltet i Noreg. Formålet er å undersøke korleis norske barnehagar påverkar barnehagebarn, kva som karakteriserer ein god barnehage og kva faktorar som påverkar barna sin trivsel, måloppnåing og utvikling.

Prosjektet er ein longitudinell studie som følgjer 1600 barn i barnehagen og deira barnehagar over fire år. Barna blir følgde frå dei er  to år til dei byrjar på skolen, med ein muleg forlenging vidare i utdanningsløpet.

Blikk for barn

Blikk for barn (Searching for qualities) (ekstern lenkje) er eit prosjekt som undersøker kvaliteten for dei minste i barnehagen. Prosjektet fokuserer på om overgang frå tradisjonelle smågrupper til meir fleksible grupper påverkar kvaliteten i barnehagekvardagen.

TODDLER

Instituttet har hatt det faglege og administrative ansvaret for TODDLER-prosjektet (ekstern lenkje) Dette er eit multilateralt EU-finansiert prosjekt som vart utført i perioden 2011 - 2013.

TOODLER står for Towards Opportunities for Disadvantaged and Diverse Learners on the Early-childhood Road. Ni partnarar frå åtte land deltok i prosjektet, der ein utvikla utdanningsmodular for dei europeiske førskuleutdanningane. Forskarar frå Danmark, Romania, Belgia, Storbritannia, Tyskland, Noreg, Portugal og Spania deltok i prosjektet.

Doktorgradsforsking

Fleire tilsette ved instituttet arbeider med doktorgradsprosjekt innan utdanningsvitskap retta mot barnehagefeltet.