MENY

Forsking ved instituttet

Institutt for grunnskolelærerutdanning, idrett og spesialpedagogikk har eit aktivt forskingsmiljø. Mange tilsette frå fleire fagområde deltek i forsking om læraren si kunnskap om undervisning og om korleis læring skjer.

Forsker Leif Inge Tjelta tester Henrik Ingebrigtsen.

I idrettsmiljøet vert det forska på treningsmengde, treningsintensitet og krav til fysisk kapasitet. Nokre forskar på motivasjon og psykologiske aspekt ved fysisk aktivitet og trening, og andre undersøker folkehelse og korleis ein kan få barn og unge i aktivitet. Miljøet er også knytta til eit nasjonalt prosjekt om utprøving og evaluering av modellar for fysisk aktivitet for elevar i ungdomsskulen i samarbeid med Norges idrettshøgskole. Idrettsmiljøet er i tillegg knytta til fleire nasjonale fora bl.a. friluftsliv i høgare utdanning og nettverk for fysisk aktivitet i skulen.

Involvert i fleire prosjekt

Matematikkgruppa har sidan 2007 samarbeida med forskingsmiljøet ved University of Michigan, USA, om lærarar sine undervisningskunnskapar i matematikk. Dette samarbeidet har resultert i forskarutveksling og fleire felles presentasjonar og publikasjonar. Dei har også vore sterkt involvert i forsking knytta til Lesson Study gjennom TasS-prosjektet, og i samarbeid University of Malawi driv UiS eit prosjekt for å utvikle kvaliteten og kapasiteten ved matematikklærerutdanninga i Malawi.

Nasjonalt har fagmiljøet vore representert med sporledar i den nasjonale forskerskolen NATED, og nylig vart det inngått eit samarbeid med Matematikksenteret om eit større forskingsprosjekt om å «Mestre ambisiøs matematikkundervisning». Fagmiljøet samarbeider også med Sandnes kommune om eit flerårig prosjekt for å innføre ein ny måte å lære matematikk på. Metodikken er meir kjent som «russisk matematikk». Faglærarane arbeider parallelt både med kursing av lærarar på barneskular i Sandnes og med å gje ut lærebøker.

Tverrfagleg sammensatt programområde 

Programområdet "Læreres profesjonsutvikling" vert leia av førsteamanuensis Nina Helgevold, og er eit tverrfagleg sammensatt programområde for forsking i samarbeid med University of Leicester, England, og programområdet er også med i nordisk nettverk for Lesson Study. To tilsette er eksterne medlemar i forskargruppa IGALA (Interdisciplinary Group on Active Learning and Assessment), ved Universidad Catolica de Valencia.

Pedagogikkgruppa har dei siste ti åra hatt eit aktivt samarbeid med eit fagmiljø ved Universitetet i Aarhus (DPU), Universitetet i Oslo og Birmingham University når det gjeld forsking og P.h.D-rettleiing. Fagmiljøet har også innleia eit forskingssamarbeid med eit fagmiljø ved Universitetet i Ålborg og ved Stockholm Universitet. Fagmiljøet har delteke aktivt i den nasjonale forskarskulen NATED, og har i fleire år vore representert i NESH. Når det gjeld samarbeid om sensurering på masternivå, er det eit aktivt samarbeid pågåande med NTNU, Høgskolen i Østfold, Høgskolen NLA, VID vitenskapelig høgskole, Sandnes og Universitetet i Bergen.

Involvert i TasS-prosjektet

Fagmiljøet i norsk er aktive innan nettverk for nynorskforsking og i NOLES, nasjonalt nettverk for lese- og skriveopplæring (literacy). Internasjonalt deltek vore forskarar i Nordisk nettverk for morsmålsdidaktikk, Nordisk nettverk for litteraturpedagogikk og i SASS - Society for the Advancement of Scandinavian Study. Førsteamanuensis Magne Drangeid leiar programområdet Kritisk Literacy, som består av forskarar innan norsk/nordisk fra fleire einingar ved UiS.

Mellom 2012 - 2015 var mange av våre forskarar involvert i det store tverrfaglege forskingsprosjektet (TasS). Prosjektet vart finansiert av Forskingsrådet, og metodikken "Lesson Study" vert systematisk nytta for å forske på korleis studentane lærer i praksis og korleis lærarane kan nytte ny metodikk for å gi betre rettleiing.