MENY

Tungt litterært redaktørverv til UiS

For første gang har redaktørvervet for Norsk litterær årbok hamna utanfor dei gamle universitetsbyane og inn på kontorgangen hjå Institutt for kultur- og språkvitskap ved UiS.

Bilde av Benedikt Jager og Nora Simonhjell. Benedikt Jager og Nora Simonhjell er aktuelle med Norsk litterær årbok 2017.

– Det var utruleg gøy, og fagleg utfordrande å arbeide med årets utgåve, seier førsteamanuensis Nora Simonhjell ved Institutt for kultur- og språkvitskap (IKS) ved UiS.

Saman med kollega Benedikt Jager har ho teke over vervet som redaktør for Norsk litterær årbok. Eit ansvar som no vil kvile på deira skuldrer over ein tidsperiode på fire år. No er dei aktuelle med årboka for 2017, som allereie er å finne i bokhyller over heile landet.

Fleire «første gonger»

Det er ein del «første gonger» knytt til det nye redaktørskapet. For første gong har dette vervet hamna utanfor dei gamle universitetsbyane, Oslo og Bergen, og inn i kontorgangen hjå litteraturforskarar ved UiS.

For det andre, er det for første gongen ei kvinne, og ein nordist med utdanninga si frå utanfor Skandinavia, sit med hovudansvaret. Det var på tide, meiner dei begge. 

– Dette er eit løft og ein anerkjenning av Stavanger som litteraturforskingby, og det kan vere med å gjere UiS meir synleg ute i dei nordiskfaglege litteraturmiljø, også i nabolanda våre, seier Simonhjell

«Kli-fi» og verkelegheitslitteratur

Norsk litterær årbok inneheld litteraturvitskaplege artiklar av ulik art. Tre av dei samanfattar litterære tendensar frå fjoråret. I årets versjon skriv blant anna den danske lyrikkforskaren Louise Mønster om det norske lyrikkåret 2016.

Frode Helmich Pedersen presenterer ei kritisk kartlegging av røyndomslitteraturen og den norske debatten kring den, medan Carin Franzén løftar fram nyansane i forfattarskapen til vinnaren av Nordisk Råds litteraturpris, Katarina Frostenson. 

– Det er i tillegg gode bidrag om verkelegheitslitteraturen, om noko så spanande som «kli-fi», som står for klima fiction, fortel Jager.

Nynorsk framståande

Årboka inneheld to artiklar om øko-kritisk lesing av litteratur, samt nylesingar av forfattarskapen til Helene Dickmar og eit verk av Nini Roll Ankers tekstar. Dessutan finst ein sjangerkritisk diskusjon av korleis dramatiske tekstar opnar hos Henrik Ibsen og samtidsdramatikaren Finn Iunker.

– Ut over dette krinsar fleire av artiklane kring litterær handsaming av aktuelle etiske spørsmål. Dette er artiklar som går inn i alt frå barnemishandling til flyktningkrisa. Temaa er godt rotfesta i eiga tid og artiklane viser korleis skjønnlitterære tekstar kan gi relevante innsikter og utfordre etablerte sanningar på eit allment nivå, seier Jager. 

Over 40 prosent av artiklane er skrivne på nynorsk, og årboka har også lagt vekt på at også dei skandinaviske grannespråka skal vere representerte. At nynorsk er såpass framståande, er viktig for å synleggjere nynorsk og gje det høve til å utvikle seg som eit adekvat vitskapsspråk, seier redaktørane. 

Fått ny bladbunad

I år er også første gongen – i alle fall på lenge – at boka vert gjeven ut i splitter ny drakt. Før var omslaget gjerne litt anonymt med kvite, grå og beige fargar. I år er boka kledd opp i alle regnbogens fargar.

Tanken er å endre rekkefølgja på fargane på utgåva for kvart år og det vert danna i bokhylla ei fargetrapp som ein kan navigere ut ifrå.   

– Eg likar å seie at årboka har fått ein ny bladbunad i år. Vi har allereie fått mange positive tilbakemeldingar på at årboka også visuelt sett, er lett synleg, seier Simonhjell.

Viktig bidrag

Målgruppa til årboka er litteraturforskarar, studentar og andre som er generelt interesserte.

Det er eit viktig bidrag for å fremje og sette søkelys på norsk litteratur det siste året, men boka er på ingen måte ein «kioskveltar», som dei seier sjølve. 

–  Innhaldet i årboka for 2017 er relevant og emna har ulike tilnærmingar. Målet vårt er å spegle bredda og vitaliteten i norsk litteratur og litteraturforsking, men vi har også lagt vekt på at artiklane ikkje skulle opplevast som for teoritunge, men at dette skulle vere lett tilgjengeleg vitskapsformidling med høg kvalitet, legg Simonhjell til.


Tekst: Maria Gilje Strand
Foto: Asbjørn Jensen