MENY

Saman for Syria

Studentar på statsvitskap fekk prøve seg som delegatar då FN-sambandet og lineforeininga Statsvitarane ved UiS arrangerte rollespel. Målet for dagen var å løyse Syria-konflikten i FN sitt sikkerheitsråd.

  • Statsvitskapstudentar sit ved forhandlingsbordet i FN-rollespelet om Syria som blei arrangert på UiS-campus
    GOD TRENING: Jørn Kyle Finnesand, Ali Khadiv og Bjørn Olav Gjersdal synest det var kjekt og nyttig å spele delegatar i FNS sikkerheitsråd for ein dag.
  • UiS-student Ali Khadiv står på talerstolen og argumenterar for Jordans syn på Syria-konflikten i FN-rollespelet..
    UiS-student Ali Khadiv står på talerstolen og argumenterar for Jordans syn på Syria-konflikten i FN-rollespelet.
  • Studentar på bachelor i statsvitskap simulerer ein dag i FN sitt sikkerheitsråd. Her ser vi både delegatar og forhandlingsleiar.
    FN-sambandet i Rogaland var med å arrangere FN-rollespelet. Her ser me mellom anna Øyvind Gjerde som forhandlingsleiar.

På førehand hadde studentane fått tildelt kva land dei skulle representere. Med id-kort på kvar delegat, flagg på bordene og talarstolen plassert framme i salen, var alt klart for intense diskusjonar.

Bjørn Olav Gjersdal, som er andreårsstudent på bachelor i statsvitskap, representerte Jordan, saman med førsteårsstudent Ali Khadiv.

– Som representantar for Jordan er vi er opptekne av dei mange hundre tusen flyktningane som landet tek i mot. Her tek verdssamfunnet for lite ansvar, stadfesta Gjersdal.

Medan delegatane frå Frankrike kravde handling framfor snakk og utfordra Kina sine diplomatiske evner, måtte delegatane frå Russland svare for sitt forhold til suverenitet i lys av alt som har skjedd i Ukraina. USA kravde så at alle land måtte stå saman i arbeidet med å finne løysingar i Syria.

Reglar og resolusjon
Gjennom rollespelet fekk studentane god trening i å forhandle og føreslå endringar til kva som skulle med i resolusjonen. Dei fekk også erfare kva som må til for å få andre land med på eigne forslag.

– Vi lærer mykje om internasjonal politikk og kva slags reglar som gjeld i slike forhandlingar. Det er både kjekt og veldig nyttig, fortel Ali Khadiv.

Han får støtte frå Jørn Kyle Finnesand, som synest rollespelet var ein fin måte å få presentert ulike perspektiv på i ei konflikt. Finnesand er tredjeårsstudent på statsvitskap.

Rollespelet var frivillig og det var i alt 30 studentar frå alle tre åra på bachelor i statsvitskap som deltok. Tidlegare har FN-sambandet også arrangert rollespel i samarbeid med NOMSA og lærarutdanninga ved UiS.

Studentane imponerte
– Med ein dag som denne får studentane innblikk i korleis det kan vere i verdas mektigaste forum. Dei får kjenne på kroppen korleis det er skilnad på store og små land, fortel Øyvind Gjerde frå FN-sambandet i Rogaland.

Han er imponert over nivået på diskusjonane og på gjennomføringa til studentane.

– Det er mykje retorikk i dette. Alle vil vinne fortellinga om kva denne krigen handlar om. Eg er imponert over studentane og deire evne til å formulere seg, seier Gjerde.

Leiar for lineforeininga for statsvitarane ved UiS, Jørgen Sjøberg, var godt nøgd med dagen, sjølv om representantane i sikkerheitsrådet ikkje klarte å bli einige om korleis krisen skulle løysast.

–Sjølv om vi ikkje klarte bli einige på så mange punkt, er vi likevel godt nøgde. Det var veldig lærerikt, spennande og morsomt. Studentane tok det heile seriøst og vi fekk fram mange interessante debattar. Vi håper å kunne arrangere ein slik dag til neste år og, konkluderer han.