MENY

Ferske ingeniørar feira fullført grad

Over 200 bachelorkandidatar ved Det teknisk-naturvitskapelege fakultet markerte høgtideleg at studia no er avslutta.

  • /TN/Bilder/BA_seremoni_1.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Medlemmer i Byggingeniørenes linjeforening (BIF).
  • /TN/Bilder/BA_seremoni_2.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Et knippe ferske petroleumsingeniørar frå UiS.
  • /TN/Bilder/BA-seremoni_3.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Frå venstre Jorun Kristine Berntsen, Ragnhild Vatne, Kari Elise Sørvåg og Ragnhild Gjerde.
  • /TN/Bilder/BA_seremoni_5.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
  • /TN/Bilder/BA-seremoni_6.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
  • /TN/Bilder/BA-seremoni_10.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
  • /TN/Bilder/BA-seremoni_7.jpg (rw_largeArt_1201).jpg

At tre år med universitetsstudium er fullført fortener ei feiring, meinte linjeforeiningane og arrangerte for første gong i år bachelorseremoni og festmiddag. Initiativtakarane håpar dei har starta ein årleg tradisjon.

– Sidan det ikkje fantes noko slikt frå før, gjekk alle linjeforeiningane saman. Me er stolte, og me vil feire at me er ferdige, seier Ingri Lande og Jorun Kristine Berntsen som er med i arrangørkomiteen.

– Litt rart å vera ferdig

Tysdag inviterte dei seks linjeforeiningane ved fakultetet til markering med talar, roseutdeling og kake. Med vener og familie i salen, blei det gjort stas på ferske bachelorkandidatar i ingeniør- og realfag.

Kari Elise Sørvåg og Ragnhild Vatne er to av dei som no kan kalle seg maskiningeniørar etter tre år på UiS.

– Eg er glad for å vera ferdig, for dei siste vekene har vore travle. Men det blir trist å ta farvel med dei me har gått saman med. Me har hatt eit veldig godt miljø, og det blir rart å ikkje sjå dei kvar dag lenger, seier Vatne.

– Hald på nysgjerrigheita

Nokre av dei som feira, har søkt seg vidare til masterstudium, men for dei fleste markerer dette overgang til arbeidslivet. Sjølv om det kan vera krevjande å komme inn i arbeidslivet no, håpar dekan Øystein Bø Lund studentane held på nysgjerrigheita.
– Det viktige i arbeidslivet nå er å kunne omstille seg, å vera fleksibel og å finne nye vegar, sa han til studentane.

Han fullroser linjeforeiningane og studentane ved fakultetet, både for innsatsen med dette arrangementet og i ulike studentprosjekt ved fakultetet.

Stor-leiar Magne Barlett er òg imponert over engasjementet blant studentane ved fakultetet.
– Det er inga overrasking at det er TN-studentane som tar initiativ til dette. StOr set stor pris på engasjementet og at de er med og lagar eit godt studentmiljø, sa han.

Håpar på tradisjon

Bachelorseremoni er nytt av året, og linjeforeiningane håper dette ikkje er siste gong det blir gjort ekstra stas på ferdige bachelorstudentar.
– Me håpar dette blir ein årleg tradisjon. Me vil og takk fakultetet og institutta for all hjelp. Dette hadde ikkje vore muleg utan, seier Jorun Kristine.

Dagen blei avslutta med festmiddag på Clarion Hotel Energy.

Tekst og foto: Karoline Reilstad

UiS logo