MENY

Marsroveren Viking III avduka

Avdukinga av den splitter nye Marsroveren er berre starten. No vil studentorganisasjonen MISC ha med seg fleire studentar mot nye høgder.

Marsroveren omkransa av medlemmer av studentorganisasjonen MISC ved Universitetet i Stavanger. Marsroveren omkransa av medlemmer av studentorganisasjonen MISC ved Universitetet i Stavanger.

Studentorganisasjonen Mars Institute Student Chapter (MISC) viste denne veka fram marsroveren «Viking III». Samtidig inviterer dei studentar til å bli med å byggje vidare og skrive bacheloroppgåve på roveren.

Tallause moglegheiter

Ein marsrover er eit køyretøy bygd for å gjere undersøkingar og ta prøvar på Mars. Sidan i vår har studentorganisasjonen arbeida seint og tidleg med eit rover-skjelett. Dei understreker at dette ikkje er eit ferdig resultat, men eit utgangspunkt som dei no inviterer ingeniør- og realfagsstudentar til å fylle med innhald.

Roveren til MISC består av åtte modular som kan bytast ut, i tillegg til vêrstasjon og kamera.

– I planlegginga har det vore viktig å lage ein robot med modular som er lett tilgjengelege for studentar som vil lage si bachelor- eller masteroppgåve på dette, fortel prosjektleiar Rein Torsvik.

Oppgåver knytt til roveren kan vera interessant for studentar frå alle institutt på TN.

– Me treng óg folk med i styre og stell, eller som berre vil vere med og byggje. Kom og snakk med oss, eller bruk rekrutteringsskjema på Facebook-sidene, er oppmodar Torsvik og styreleiar Stein-Oleiv Brekke i MISC.

– Glimrande eksempel

Roveren til MISC har fått namnet «VikingIII», eit namn inspirert av «VikingI» og «VikingII», som har vore på Mars.
– Det er ei ære å få lov å bære dette namnet, sa Bernhard Rikardsen frå Mars Institute Norge. Han håpar resten av studentane ved UiS grip sjansen.
– Mars is calling Stavanger. Dette er avdukinga av ein invitasjon som ein engasjere seg i, sa han under markeringa.
 
Etter avdukinga av roveren var nysgjerrige og ville høyre meir om prosjektet. Ein av dei som fullroser prosjektet er prorektor Dag Husebø.  
– Dette er eit glimrande eksempel på studentengasjement som me ønskjer meir av. Me heier slike initiativ, fordi dei gjer oss betre, seier han.

Husebø understreker at erfaring frå prosjektet kor ein samarbeider på tvers av fagområdet er gull verdt.
– Samarbeid og inkludering treng ein i arbeidslivet. Ved å kople fagfolk og ekspertise, kan ein generere ny kunnskap. Me må ha med ambisiøse studentar som vil noko på eigne og universitetets vegner. Dette er eit eksemplarisk eksempel på det, seier Husebø.

Tekst og foto: Karoline Reilstad