MENY

21 kvinner skal til topps

UiS har sett inn tiltak for å få fleire kvinnelege professorar. 21 tilsette er teken opp på universitetet sitt opprykksprogram som er knytt til prosjektet «Kvinner til topps».

Carita Augustsson og Elisabeth Lind Melbye ved Universitetet i Stavanger. VIL KLATRE: Carita Augustsson og Elisabeth Lind Melbye er to tilsette ved UiS som deltek i opprykksprogrammet i prosjektet "Kvinner til topps". FOTO: Asbjørn Jensen

Prosjektet «Kvinner til topps – UiS i bevegelse og balanse» består av ei rekkje tiltak for å få opp talet på kvinnelege professorar ved UiS. Eit av tiltaka er eit opprykksprogram. Målet er å auke andelen kvinnelege professorar frå 21 til 28 prosent fram mot 2018.

Det har vore stor interesse frå instituttleiarane for opprykksprogrammet. Det er dei som har innstilt sine vitskaplege tilsette. No har styringsgruppa – med rektor Marit Boyesen, HR-direktør Halfdan Hagen, forskingsdirektør Troels Gyde Jacobsen og dekan ved det teknisk-naturvitskapelege fakultetet Øystein Lund Bø – godkjent 21 kandidatar som skal få delta i programmet.

Den første samlinga er sett til 15. september.

Ein av kandidatane som skal delta, er førsteamanuensis Elisabeth Lind Melbye ved Norsk hotellhøgskule.

– Eg er glad for å få være med på dette. Det er ei kjennsgjerning at vi kvinner er meir tilbakehaldne med å søkje opprykk til professor. Mennene klatrar fortast og det er flest menn som klatrar til topps. Då eg fekk kjennskap til dette og instituttleiaren min oppmoda meg til å søkje, då gjorde eg det, forklarer Elisabeth Lind Melbye som forskar på tema knytt til mat, helse og forbrukaratferd. 

Får stipend
Erfaringar frå likestillingsprosjekt ved andre norske universitet har vist at kvinnelege tilsette venter litt lenger med å søkje om opprykk til å bli professor enn sine mannlege kollegaer. Overraskande få kjende kriteria for professorat; dette blei sett på som noko fjernt og uoppnåeleg.

Opprykksprogrammet ved UiS tilbyr ei prøveevaluering tilnærma lik faktisk professorevaluering. Då vil deltakarane sine eventuelle manglar for å oppnå professorkompetanse, bli kartlagt. I tillegg skal deltakarane få eit stipend som kan brukast til nettverksbygging, internasjonalisering og frikjøp av tid til publisering og søknadsskriving om eksterne midlar.

Høgt nivå
Prosjektet hadde i startfasen midlar til å gje 14 kandidatar 200 000 kroner kvar for å jobbe meir systematisk mot ein professortittel. Etter at søkarbunken kom på bordet, har leiinga ved universitetet saman med institutta garantert for kostnadene for 7 ekstra kandidatar. Dermed kunne programmet ta opp heile 21 deltakarar.

– Nivået har vore høgt med mange godt kvalifiserte søkjarar. Dette ser lovande ut med tanke på å oppnå måla vi har sett oss med ei auking til 28 prosent kvinnelege professorar, seier Vibeke Hervik Bull i Forsking- og innovasjonsavdelinga ved UiS. Ho er prosjektleiar for «Kvinner til topps», og ho er veldig glad for den store interessa ute i organisasjonen.

– Instituttleiarane har vore svært positive til dette omfattande likestillingsprogrammet, og det er i stor grad dei som har vald ut aktuelle kandidatar og oppmoda kvinnene til å delta.

Uutnytta potensial
Vibeke Hervik Bull påpeiker at det er viktig å få fleire kvinner opp og fram i akademia blant anna fordi UiS må utnytte sitt potensial til fulle.

– UiS blir endå betre ved at kvinnelege tilsette får professoropprykk og slik kan ta leiarskap innan forsking. Det er eit uutnytta potensial som ligg og ventar på å bli forløyst, seier Hervik Bull. Ho påpeiker at det ikkje er så mykje som skal til.

– Det er meir utypisk for kvinner å tenkje at dei skal bli professor. Berre det at dei blir minna på at dei kan tenkje tanken på å bli professor, kan bidra til at dei faktisk blir professor, seier Hervik Bull som støttar seg på resultat frå UiT.

Eit attraktivt nettverk
Elisabeth Lind Melbye innrømmer at ho kanskje ikkje har vore så flink til å tenkje strategisk når det gjeld professoropprykk. Ho gler seg til å ta del i eit kvinnenettverk med forskarar som har det til felles at dei vil vidare opp i systemet.

– Eg skal lære meg å vere litt meir streng når eg prioriterer kva eg skal seie ja til og kva eg skal seie nei til. Eg skal framover tenkje litt meir på kva mitt neste trekk bør vere for å kome nærmare eit professorat, seier Melbye.

Ho legg til:

– Det er flott at leiinga ved UiS tek tak i dette arbeidet ved blant anna å lage eit nettverk kor vi kan støtte kvarandre, lære av kvarandre og få praktisk hjelp undervegs.

For travel til å tenkje opprykk
Ikkje overraskande er det det teknisk-naturvitskaplege fakultetet som har den lengste vegen å gå når det gjeld å rekruttere fleire kvinner i forskartoppstillingar. Fakultetet har færrast kvinnelege professorar med ein andel på berre 8 prosent.

Førsteamanuensis Carita Augustsson på Institutt for petroleumsteknologi er ei av dei som tar del i programmet og skal jobbe seg fram mot ei professorstilling. Ho er geolog har til no ikkje søkt om opprykk fordi ho til ei kvar tid har så mykje å gjere at det å søkje opprykk ikkje har vore det som var viktigast «akkurat no».

– Eg har rett og slett ikkje teke tak i tanken om å bli professor. Men som vitskapleg tilsett er jo neste skritt å bli professor, seier sedimentgeologen som ser fram til å delta i opprykksprogrammet i «Kvinner til topps».

– For meg gjeld det å få eit spark bak og å få informasjon om kva det er som gjeld. Så skal nok eg klare å rydde litt plass og tid til å  gjere det som krevjast for å bli professor.

Her er lista over vitskapleg tilsette ved UiS som får delta i opprykksprogrammet i prosjektet «Kvinner til topps», som skal gå føre seg fram mot 2018: 

Kristin Armstrong Oma, AM
Lisbeth Prøsch-Danielsen, AM
Torill Vist, IBU, HUM
Anne Nevøy, IGIS, HUM
Janne Fauskanger, IGIS, HUM
Janne Stigen Drangsholt, IKS, HUM
Nora Simonhjell, IKS, HUM
Bettina Smith, IMD, HUM
Kjersti Lundetræ, Lesesenteret, HUM
Oddny Judith Solheim, Lesesenteret, HUM
Tatiana Iakovleva, HHUIS, SV
Yuko Onozaka, HHUIS, SV
Bjørg Oftedal, IH, SV
Sissel Haugdal Jore, IMKS, SV
Ingunn Tollisen Ellingsen, IS, SV
Trude Furunes, NHS, SV
Elisabeth Lind Melbye, NHS, SV
Charlotte Obhrai, IKM, TN
Hanne Røland Hagland, IMN, TN
Carita Augustsson, IPT, TN
Dan Sui, IPT, TN

Tekst: Karen Anne Okstad
Foto: Asbjørn Jensen