MENY

Barrierar for kjønnsbalanse på TN-fakultetet

Forskargruppa i Kvinner til topps-prosjektet har identifisert barrierar for kjønnsbalanse på Det teknisk-naturvitskaplege fakultet ved UiS og har nyleg kome med forslag til tiltak for korleis ein skal betre kjønnsbalansen.

Ingvil Hellstrand og Marit Boyesen Ingvil Hellstrand har leia arbeidet med ein forskningsrapport om barrierar og drivkrefter for kjønnsbalanse på TN-fakultetet. Rektor Marit Boyesen takkar for rapporten og ser fram til å sjå kva tiltak ein kan sette i verk for at UiS skal nå sine mål om fleire kvinnelege professorar.

Nyleg har ei forskargruppe knytt til Nettverk for kjønnsforsking ved UiS – på oppdrag frå Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet (TN-fakultetet) – ferdigstilt forskingsprosjektet «Barrierer og drivkrefter for kjønnsbalanse ved TN-fakultetet».

Rapporten vart presentert av prosjektleiar Ingvil Hellstrand, førsteamanuensis i Nettverk for kjønnsforsking, på eit seminar tidlegare i mars i regi av Kvinner til topps-programmet.

Forskingsrapporten er gjort saman med tidligere stipendiat Maria Dockweiler og forskar Marit Aure og inkluderer forslag til tiltak.

Rapporten er finansiert av det TN-fakultetet og Nettverk for kjønnsforskning ved UiS.  

STEM-faga

– Det er eit mønster at kvinneandelen går sterkt ned i overgangen frå faste vitskapleg tilsette til professortittel, seier Hellstrand og peiker på at TN-fakultetet hadde i 2016 berre 9,6 prosent kvinnar i professorstillingar medan det er 18,5 prosent kvinnelege førsteamanuensisar og 36,7 prosent kvinner i stipendiatstillingar.

Ho trekk fram at det er ei kjend utfordring at dei såkalla STEM-faga, altså naturvitskap, teknologi, ingeniør- og mattefag, er fagområde som er svært mannsdominerte.

Forskarane har gjort ei kvalitativ studie med intervju av 19 personar knytt til TN-fakultetet. Informantane er kvinner og menn tilsett i vitskaplege stillingar samt nokre tidlegare tilsette.

Snakkar ikkje om kjønn

Forskargruppa identifiserte tre barrierar – eller hinder – for auka kjønnsbalanse. Den første barrieren er at kjønn er ein underkjend faktor.

– Det er ikkje lett å snakke om at kjønn har betydning i arbeidskvardagen. Det er utfordrande å problematisere kjønn i ein kultur som ønskjer å vektleggje fagleg kvalitet og motivasjon som noko som er kjønnsnøytralt.

– Vi ser at det er vanskeleg å synleggjere kjønnsfaktoren utan å gjere kvinner veldig synlege som nettopp kvinner. Det er derfor viktig å imøtegå denne tausheten om kjønns tyding på organisasjonsnivå, seier Hellstrand.

Ho peiker på at eit viktig tiltak for å få bukt med denne barrieren er å vektlegge dette i handlingsplanar på fakulteta og i strategien til UiS som heilskap.

– Vi treng ei auka bevisstheit om betydninga av kjønn i organisasjonen. Vi treng meir kompetanseheving og vidare forsking om vi skal kome denne ubalansen til livs, påpeiker Hellstrand.

Utydeleg styringskultur

Ein viktig og positiv drivkraft for kjønnsbalanse på TN er ifølgje informantane at det finst fungerande og støttande forskingsnettverk.

– Det er også slik at den fleksible arbeidstida ein har på UiS samt moglegheitene for fagleg utvikling og sjølvrealisering er noko som byggjer positivt opp om kjønnsbalansen ved TN-fakultetet, framheld Hellstrand.

Likevel har fleire informantar påpeika at det ved fakultetet er ein arbeidskultur som er prega av «politikk» og «posisjonering», og at det er uformelle nettverk som pregar arbeidsmiljøet.

– Uryddige prosessar og mangel på informasjon blir av fleire kvinner enn menn opplevd som ein dårlig organisasjonskultur, seier Hellstrand.

– Vi har fått tilbakemeldingar på at det er uformelle styringskulturar når det gjelder tilsettingar. Dette taper kvinnene mest på, seier Hellstrand.

Internasjonal deltaking

Ei anna utfordring når det gjeld å auke kjønnsbalansen er at det er eit aukande krav om internasjonal deltaking.

– Vi har identifisert at kvinner i mindre grad enn menn er villige til å reise ut på konferansar og delta i ulike internasjonale forskingssamarbeid og fora.

I undersøkinga var det også fleire menn som påpeikte at det å ikkje kunne reise utanlands er eit problem for kvinner og ein barriere for kvinnene si karriereutvikling.

– Her kjem jobb-heim-konflikten inn, forklarer Hellstrand.

– Forventingar knytt til kjønn gjer at det det er fortsatt enklare for menn å få kvinner og familie med på ei «jobb-flytting» enn for kvinner å få menn med seg, påpeiker kjønnsforskaren.

Forslag til tiltak

Forskarane som står bak rapporten, anbefaler å øyremerke midlar til å sette spørsmålet om kjønn og kjønnsbalanse meir på dagsorden, blant anna ved at HR-avdelinga sentralt får meir ressursar og kompetanse på dette området.

– Det må settast i verk fleire strukturelle tiltak retta mot rekruttering og karriereutvikling, slik som utforming av stillingsutlysingar, bistand i rekrutteringsprosessar, ansvar for at begge kjønn er representert i bedømmingskomitear og beslutningseiningar, og oppfølging av nytilsette, seier Hellstrand.

Andre viktige tiltak er å betre legge til rette for kjønnsbalanserte forskingsmiljø gjennom undersøking av tidsbruk og støttefunksjonar for kvinner og menn, samt gjennom opprykkskurs for kvinner som skal søke om å bli kvalifisert som professor.

Forskarane etterlyser også betre koordinering av tiltak for kjønnsbalanse i organisasjonen som heilskap.

– Arbeidet for auka andelen kvinner i toppsjiktet i akademia må inn i ein sentral handlingsplan for kjønnsbalanse og likestilling. Denne planen må dokumentere situasjonen og sette måltall, påpeiker forskaren.

Hellstrand etterlyser også ein tydelegare forankring av organisatorisk ansvar for gjennomføring av tiltak.

TN – ein pådrivar

Sjølv om det er TN-fakultetet som i dette forskingsprosjektet er blitt granska med tanke på kjønnsbalansen, så vil Hellstrand påpeike at TN allereie har gjort eit viktig arbeid på sin veg mot auka kjønnsbalanse.

– TN anerkjenner at dei har ei utfordring når det gjeld dette, og dei viser vilje til endring. Dei har skrive det inn i sine handlingsplanar – både strukturelle og individuelle tiltak, og dei har ambisiøse mål om 25 prosent kvinneandel innan 2017, fortel Hellstrand.

No håper ho at resten av universitetet kjem etter og setter tema på dagsorden og inn i handlingsplaner og strategiar.

– Det er ikkje berre TN-fakultetet som har utfordringar, SV-fakultetet og HUM-fakultetet har også stor ubalanse i mange fag, til dømes er historiefaget svært mannsdominert, seier Hellstrand.

Tekst og foto: Karen Anne Okstad