MENY

Deltidsarbeid går i arv

Rollemønster innlært i barndomen bidrar til at fleire kvinner enn menn jobbar deltid. Kjønnsforskjellane blant dei som vaks opp utan likestilte kjønnsroller i heim og lokalmiljø er fire gonger større enn blant dei som vaks opp med likestilling.

Venke Furre Haaland si doktorgradsavhandling undersøkjer korleis ulike hendingar og forhold som menneskjer møter i oppveksten kan påverke viktige utfall som utdanning, løn og helse seinare i livet.

Haaland disputerer for doktorgraden i samfunnsvitskap med spesialisering i økonomi 14. mars.


Oppveksten forklarar forskjellar
I si avhandling undersøkjer Haaland om tradisjonelle kjønnsrollemønster innlært frå barndommen forklarar noko av forskjellane mellom menn og kvinner når det kjem til fulltidsarbeid.

– Ei betre forståing av individ si sårbarhet for ulike forhold og hendingar utafor deira kontroll er viktig for å utvikle politikk med fokus på å gi like moglegheiter til å lykkast med utdanning og arbeid, seier Haaland.

– Til dømes tyder avhandlinga på at mange kvinner framleis er påverka av tradisjonelle kjønnsrollar, og at menn og kvinner difor ikkje har like moglegheiter til å velje arbeid heime og ute.


Arbeidsløyse påverkar løn
Haaland har også undersøkt korleis arbeidsløysa unge møter når dei er ferdige med utdanninga påverkar løn, yrkestilknyting og utdanning i vaksen alder.

Ho viser at vilkår ein møter på arbeidsmarknaden som ung kan gi langvarige konsekvensar.

Ungdom som møter høg arbeidsløyse har lågare løn i vaksen alder. Resultata viser også at dei med låge kognitive evner, målt med IQ på sesjon, er ekstra sårbare og kan falle ut av arbeidsmarknaden.

– Dette understreker betydinga av å utvikle tiltak som hjelper unge som strever med å kome inn på arbeidsmarknaden i periodar med høg arbeidsløyse, seier Haaland.
 

Doktorgraden og forskaren
I sine analyser nyttar Haaland registerdata av heile Noreg si befolkning frå Statistisk sentralbyrå.

Tittelen på avhandlinga er Four Essays in Labour Economics. Noregs forskingsråd har finansiert doktorgradsarbeidet.

Haaland er 31 år gamal og kjem frå Stavanger. Ho er tilsett som postdoktor ved Handelshøgskulen, UiS.

Hovudrettleiar for doktorgraden har vore professor Mari Rege ved Handelshøgskulen, UiS. Medrettleiarar har vore forskingsleiar Kjetil Telle i Statistisk sentralbyrå og førsteamanuensis Mark Votruba ved Case Vestern Reserve University.

Venke Furre Haaland

Ungdom som fullfører utdanninga på eit tidspunkt med høg arbeidsløyse, har lågare løn enn dei som fullfører på eit heldigare tidspunkt, ifølge forskinga til Venke Furre Haaland.