MENY

Disputas om bustadsprisar

Bustadane i Oslo er 30 prosent overprisa. På lang sikt er likevel bustadsprisar, leigekostnadar, anleggskostnadar og lønningar kopla saman og kan ikkje vekse frå kvarandre, viser forsking frå UiS.

– Bustadsprisane har vakse ifrå lønnsnivået. Det gjeld heile Noreg. På kort sikt kan bustadsprisar, leigekostnadar, anleggskostnadar og lønningar gå i veldig ulike retningar. På lang sikt vil dei likevel henge saman, seier Svein Olav Krakstad, som forsvarer sin doktorgrad i leiing ved UiS 10. januar.

Dette er fyrste gong nokon har kombinert alle desse faktorane i éin modell. Tittelen på avhandlinga er Artikler i finans.

– I dag er det 30 prosent overprising på bustadar i Oslo i forhold til historiske samanhengar mellom bustadsprisar, leigekostnadar, anleggskostnadar og lønningar, seier Krakstad.


Dyrare å selje aksjar i USA

I tillegg til å undersøkje bustadsprisar, har Krakstad undersøkt utviding av eigenkapital hos børsnoterte selskap. Den vanlegaste måten for selskap å gjere det på er å selje aksjar.

– I USA betalar selskap rundt 50 prosent meir for utviding av eigenkapital enn i Europa, seier Krakstad.

– Det verkar som om selskap vel å bruke dei større investeringsbankane i USA. Dei har stor marknadsmakt og ser ut til å utnytte det ved å ta høge honorar. Dersom selskap ikkje brukar dei større finansieringsbankane, vil marknaden sjå på det som eit dårleg signal. I Europa kan det vere lettare å fråvike frå dette på grunn av reguleringar.

Ein investeringsbank er ein finansinstitusjon som har meklarhus som sin hovudgeskjeft, men som i tillegg skriv ut, kjøper og sel verdipapir.


Disputasen

Krakstad disputerer 10. januar kl. 12.00. Prøveforelesinga finn stad kl. 10.00 og emnet for den er Status and relevance of the ‘pecking order’ theory of financing. Disputasen finn stad i rom KE E-164 i Kjølv Egelands hus og er open for alle.

Hovudrettleiar har vore professor Bernt Arne Ødegaard ved Universitetet i Stavanger. Medrettleiarar har vore professor Frank Asche og førsteamanuensis Randi Næs, begge ved Universitetet i Stavanger.

Krakstad er 32 år gammal. Han har frå før av mastergrad i finans frå NHH. Han har også bachelor i økonomi og administrasjon frå NHH og bachelor i matematikk frå Universitetet i Bergen. Krakstad har skrive doktorgradsavhandlinga ved Handelshøgskulen, UiS.
 

Svein Olav Krakstad

I USA betalar børsnoterte selskap rundt 50 prosent meir for utviding av eigenkapital enn i Europa, viser Svein Olav Krakstad si forsking.