MENY

Effektiviserer anleggsbransjen

Emad Abd El-Hamied El-Maghraby Mohamed har utvikla ein modell som kan gjere tids- og ressursbruken i anleggsbransjen betre. 18. februar disputerer han for doktorgraden i leiing.

Modellen Emad Abd El-Hamied El-Maghraby Mohamed har utvikla er for estimering av tid og produktivitet for bygging av høghus. Den er utvikla for ein teknikk der flytande, ferdigblanda betong blir tilført gjennom kraner. El-Maghraby har forska på korleis ein kan optimere tid og ressursbruk.

Modellen er utvikla på grunnlag av tal frå over 400 bygg i Egypt.

Viktig med riktig estimering
– Å estimere kor lang tid eit byggeprosjekt vil ta er viktig av fleire grunner. Det er viktig for å utnytte arbeidskrafta godt, seier El-Maghraby.

– I tillegg er det naudsynt for å vite kor mykje eit byggeprosjekt vil koste. Viss ein går ut ifrå at prosjektet tar kortare tid enn det i verkelegheita gjer, kan selskapet tape pengar. Estimerer ein med for lang tid, kan selskapet gå glipp av kontraktar på grunn av dei høge prisane.

Tittelen på avhandlinga er “Predicting Production Rates of Pouring Concrete by using Tower Cranes in Egypt”.

Fleire høghus
Talet på høghus som blir bygd i Egypt aukar. Derfor blir teknikken med ferdigblanda betong som blir tilført gjennom kranar meir og meir brukt. På byggeplassar set ein ei betongkran i midten og bygg høghus rundt.

El-Maghraby bor i Egypt. Frå før av har han master i konstruksjon og prosjektleiiing frå Alexandria University. Hovudrettleiar for doktorgraden har vore professor Jan Frick ved Universitetet i Stavanger. Medrettleiar har vore professor Christopher Irgens ved Strathclyde University i UK.