MENY

Kva type tilbakemeldingar aukar læringa hos elevar?

Elevar på ungdomssteget ønskjer meir faglege tilbakemeldingar i klasserommet, men kvaliteten på den faglege dialogen mellom lærer og elev er oftast låg. Det viser forskinga til Siv Måseidvåg Gamlem som disputerer for doktorgraden i utdanningsvitskap tysdag 11.mars 2014.

Gamlems avhandling har tittelen «Tilbakemelding som støtte for læring på ungdomssteget».

Tilbakemeldingar har ikkje vore vektlagt nok i skulen, meiner Gamlem.

– Utfordringa er å auke forståinga hjå lærarar av at både tilbakemelding mellom lærar og elev og mellom elevane er viktig som støtte for læring, fortel forskaren som til dagleg er høgskulelektor ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning ved Høgskulen i Volda.

Alle må med
Ho peiker på at samhandling mellom alle aktørane i klasserommet er viktig.

– Ein må i større grad legge vekt på faglege tilbakemeldingar og dei må vere basert på samhandling, forhandling og felles forståing om mål og suksesskriterium, seier ho.

Gamlem har gjort videoobservasjonar og intervju med lærarar og elevar på fire ungdomsskular gjennom eit skuleår. I tillegg har ho gjennomført workshops med lærarar.

Ulik forståing
Formålet har vore å auke kunnskapen om korleis tilbakemelding vert praktisert og oppfatta av lærarar og elevar på ungdomssteget som støtte for læring.

Studien viser at lærarar ved same skule har ulik forståing om tilbakemeldingar som støtte for læring og at dei praktiserer tilbakemelding ulikt.

– Det syner at det er behov for å utvikle forståing og praksis om korleis og kva tilbakemeldingar som kan støtte elevar si læring og utvikling, seier Siv Måseidvåg Gamlem.


Høg emosjonell støtte
Jamvel om kvaliteten i den munnlege dialogen mellom elev og lærar var låg på fagleg støtte, var han til dels høg når det gjeld sosialpedagogisk og emosjonell støtte, det vil seie  informasjon som anerkjenner eleven.

– Sosialpedagogisk og emosjonell støtte er sentralt for å skape tryggleik og eit positivt læringsmiljø, seier Siv M. Gamlem.

Ho vonar funna kan få betyding for skular sitt arbeid med undervisnings- og tilbakemeldingspraksis.

– Studien er også eit signal til politikarar og lærarutdanningsinstitusjonar om at det er behov for å styrke både lærarar og elevar sin kompetanse på tilbakemelding og samhandling som støtte for læring, seier ho.

 

 

Siv Måseidvåg Gamlem- disputas utdanningsvitenskap - Universitetet i Stavanger- lærerutdanning-elever-tilbakemeldinger

Siv M. Gamlem disputerer om tilbakemeldingar på ungdomssteget.