Selektiv mutisme er ein diagnose som blir brukt på barn som er tause i visse situasjonar sjølv om dei kan snakke. Når dei vel å snakke, er det berre med dei næraste, som mor, far, søsken eller bestevener.
– Desse barna fryktar det å snakke like mykje som andre fryktar edderkoppar. Det er blitt ein fobi for dei som dei ikkje blir kvitt på eiga hand. Dei er langt forbi det å vere sjenerte, seier Omdal.
Angstfylte opplevingar
I doktorgradsprosjektet sitt har Omdal henta data i møte med fem barn og familiane deira. Ho har også intervjua seks vaksne om opp-levingane deira av å vere tause i barndommen.
– Felles for dei vaksne er at dei som barn ikkje fekk den hjelpa eller forståinga dei trong frå dei vaksne rundt seg. Dei trekte seg etter kvart unna og fekk ei rolle som taus som dei heldt seg fast i, og dei var ofte einsame, seier Omdal.
– Mange fortel også at det er situasjonar som har vore belastande for dei, som har utløyst den selektive mutismen. Nokre har vore utsette for vald eller andre overgrep, andre voks opp i krigstid der dei vaksne hadde nok med si eiga angst, eller dei blei tidleg plasserte på internatskule langt frå foreldra, eller dei blei mobba på skulen.
Ifølgje Omdal er det snakk om ein fastlåst kommunikasjon som dei ikkje kjem ut av.
– Å vere selektiv mutist blir fort ein del av identiteten. Jo lenger det har vart, jo verre er det å gjere noko med det, seier ho og held fram:
– For personar med selektiv mutisme er det å vere taus ein måte å ta kontroll på, fordi ingen kan tvinge dei til å snakke. Det skumle er når miljøet rundt dei sluttar å forvente at dei snakkar.
Kviskring og lydband
For barn med selektiv mutisme kan det vere bra å byte miljø, slik at dei får byrje med blanke ark i eit nytt miljø der ingen ventar seg at dei skal vere tause.
– Vi må ikkje late barn få bli selektive mutistar. Vi må ikkje overbeskytte dei, men forvente at dei kommuniserer og deltek. Men for å kunne gjere det, må barna vere trygge, seier Omdal, som har tru på at det å nå små mål steg for steg, kan gi desse barna ei kjensle av meistring som kan gi dei sjølvtillit.
– Ein må unngå at barna blir overavhengige av einskilde vaksne heime, i barnehagen eller på skulen.
– Til dømes kan dei få byrje med å skrive ting på lappar eller på datamaskin før dei etter kvart går over til å kviskre eller snakke i eit bestemt rom. For nokre kan det òg vere ein god idé å spele inn stemma si og late dei andre barna i barnehagen eller på skulen få høyre opptaket. Gjennom ei slik gradvis meistring kan det hende barnet byrjar å snakke direkte med andre barn eller vaksne dei tidlegare ikkje har tort å snakke med.
Tause på skulen
Talet på kor mange som har selektiv mutisme i Noreg, er usikkert, men ein reiknar med at opp mot to prosent av alle skulebarn har diagnosen. Lite kunnskap om fenomenet gjer at mørketala kan vere store. Mange barn får òg feil diagnose fordi dei gjerne har andre lidingar i tillegg, til dømes språkvanskar.
Ifølgje Omdal har nokre barn med selektiv mutisme aldri sagt eit ord på skulen. Omkring 90 prosent av barn i denne gruppa er tause nettopp på skulen eller i lag med framande.
– Det trengst meir kunnskap om selektiv mutisme slik at desse barna blir forstått på skulen og barnehagen. Det er viktig å late barna nærme seg andre i sitt eige tempo, seier Omdal.
– Samstundes må dei bli møtte med klare forventningar om tale og deltaking. Dei må møte same grenser som andre barn. Leik og humor verker angstdempande på barna. Eit tett samarbeid mellom skule, barnehage og foreldre må òg til for å hjelpe desse barna.
Tekst: Silje Stangeland
Foto: Elisabeth Tønnessen
Saken er henta frå UniverS 2/2008




