Hopp til innhold

Forside  | Forskning  | Samfunnsvitenskap  | Økonomi og ledelse

Minister glad for forskingsfunn om fedrekvote


Professor Mari Rege og stipendiat Ingeborg Foldøy Solli ved UiS har hun funne ut at fedrekvoten gjer at fedrar bruker mindre tid på jobb og meir tid saman med barna òg når barna blir eldre. Statsråd Audun Lysbakken er begeistra over funna.

 – Dette er verkeleg berre kjekt. Det er flott med interesse rundt studien og at resultata kan brukast i politikkutforming, seier stipendiat Ingeborg Foldøy Solli.

Begeistra minister
I studien ”The impact of paternity leave on father involvement” ser UiS-professor Rege og stipendiat Solli på om bruk av fedrekvote styrkjer farsrolla, òg når barna blir eldre. Saka fekk tysdag eit stort oppslag i Dagens Næringsliv, og onsdag gjekk Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken ut i same avis og sa at han er begeistra over forskingsfunna om omsorgsrolla til fedrane.

Tener mindre
Endringar i inntekt kan vere eit indirekte mål på kor involvert far er i familien. Fedrekvoten fører til at fedrar tener to prosent mindre enn dei ville ha gjort utan ordninga. Dette er ifølgje Solli ganske mykje, og tilsvarar auken i realløn i løpet av eit heilt år. Forskarane meiner lønseffekten viser at fedrar prioriterar jobb lågare og familie høgare enn dei elles ville gjort.

– Desse fedrane jobbar kanskje mindre overtid og venter med å søkje seg til leiarstillingar til barna er eldre. Det interessante er at effekten på løn er omtrent like stor når barna er fem år, seier Solli.

Før og etter fedrekvoten
For å finne ut korleis pappapermisjonen påverkar farsrolla, har Rege og Solli nytta innføringa av fedrekvoten i 1993. Dei samanliknar alle fedrar som fekk barn før 1993 med alle som fekk barn etter 1993. Då fedrekvoten blei innført auka delen fedrar som tok ut permisjon frå rundt to prosent og til rundt 70 prosent.

Tid med barna
Rege og Solli har òg nytta tidsbruksdata for år 1990 og 2000 frå Statistisk Sentralbyrå for å sjå kor mykje tid fedrane har brukt med ungane sine. Her er det tydeleg at dei som har blitt fedrar etter 1993 brukar meir tid med ungane sine og mindre tid på jobb.

Verker som tiltenkt
– Målet med fedrekvoten var å styrkje rolla til fedrane heime, og bidra til meir lik arbeidsdeling. Me meiner funna tyder på at dette har lukkast, seier Solli.

Finn meir ut her om programområdet: Economics of the family and childhood (på engelsk )

Tekst: Janet Molde Hollund


Sist endret av Egil C. Svela (14.01.2010)

Skriv ut artikkel print symbol
Bilete av stipendiat Ingeborg Foldøy Solli
Stipendiat Ingeborg Foldøy Solli
Ny professor

Mari Rege (34) ved Universitetet i Stavanger fikk nylig opprykk til professor i økonomi. I så måte er hun Norges yngste.

– Dette er en milepæl, og noe jeg har arbeidet for lenge, sier Rege.
Den nybakte professoren har vært en profilert forsker i flere år allerede, og ble kåret til Yngre fremragende forsker av Forskningsrådet i fjor. Hennes spesialfelt er hvordan arbeidslivet virker inn på familieforhold. Dette har også vært blant temaene hennes i Aftenposten, hvor hun er fast kronikkforfatter. Les mer