cenSE blei skipa i mars 2009. Det er eit virtuelt senter der forskarar frå alle fire institusjonane kan bidra. Målet er å koordinere og styrkje forsking, utvikling, utdanning og kunnskap på fagfeltet energi i Sørvest-Noreg.
Det finst i dag meir enn 70 aktive forskarar som har registrert arbeida sine i cenSE. Aktivitetane dekkjer både fornybar og rein, fossilbasert energi. Forskarane skal levere berekraftige løysingar med fokus på kunnskapsoverføring frå ein sterk petroleumssektor i regionen, til nye energialternativ.
Dei tekniske, politiske og samfunnsmessige aspekta ved effektiv energiomforming, overføring og sluttbruk er òg dekte av cenSE-forskarar.
Senteret vil fremje eit sterkt samarbeid mellom universitet og forskingsorganisasjoner på den eine sida, og industri og styresmakter på den andre. cenSE skal arbeide både nasjonalt og internasjonalt.
Centre for Sustainable Energy Solutions har eiga heimeside her



