Forskningsdagene i Stavanger-regionen 2024

18. til 29. september 2024

Gratis og for alle

Forskingsdagane 2024 føregår frå onsdag 18. september til søndag 29. september. I desse tolv dagane kjem forskarane ut av kontora og labbane for å vise, fortelje og samtale med deg om kva dei forskar på. I år fyller Forskingsdagane 30 år, og festivaltema i jubileumsåret er eit tema som engasjerer alle, nemleg helse.

Helse er tema for Forskingsdagane 2024

Årets tema gir rom for å tenkje stort og breitt, til dømes om helsa til planeten vår og folkehelsa, eller zoome heilt inn på enkeltindividar, organar og organismar. Helse kan også vere så mykje meir enn det vi kanskje tenkjer på heilt omgåande, som tema innanfor samfunnsvitskap og humaniora. Kva betyr helse for deg?

Grønn firkant med FNs berekraftsmål nummer 3 og teksten god helse og livskvalitet

Helse angår oss menneske fysisk og psykisk, men også dyrehelse og helse i hav og natur er aktuelle tema. Sunn mat og sunt kosthald for menneske og berekraftig fôr for dyr og fisk er andre viktige sider ved helsetemaet.

Fleire av FNs berekraftsmål handlar nettopp om helse, tilgang til mat og reint vatn, i tillegg til omsyn til livet på land og i havet.

Medlemsstatane i FN har vorte einige om ei rekkje tiltak for å sikre fleire ei god helse. Og forskarar i vår region jobbar kvar dag med å gje verda viktig kunnskap for at vi skal nå måla. Til dømes har vi forsking på korleis vi kan gje betre hjelp til born og mødre under fødsel, sikre at fleire born veks opp utanfor fattigdom, auke tryggleiken for pasientar, utvikling av medisinsk teknologi og bruk av kunstig intelligens, samspelet mellom menneske, natur og miljø og mykje, mykje meir.

Under Forskingsdagane 2024 skal vi vise fram banebrytande helseforsking og innovasjonar som skal vere med på å løyse dei store utfordringane verda står overfor.

Forskar Grand Prix vender tilbake!

Ti forskarar står på scena. Kvar av dei har fire minutt på seg til å begeistre publikum og dommerpanelet med forskinga og ikkje minst formidlinga si. Kven blir regionens og landets beste forskingsformidlar?

Fire unge på en scene med gull-konfetti-dryss
Frå Forskar Grand Prix i 2020 då, Ida Sjursjø (t.v.) vann og vart send til den nasjonale finalen i Trondheim saman med Marianne Bore Haarr (bak t.v.). 

Stavanger-regionen har vore med i Forskar Grand Prix heilt fra starten i 2010. Pandemien gjorde at det blei ei lita pause, men no har vi leita fram konfettikanon og pokal og er klare til å få tak i ti knallsterke forskar- og formidlingstalent blant ph.d-kandidatane i regionen. Vil du melde deg på, eller veit du av nokon som burde bli med, kan du gå til påmeldingssida.

Kva er Forskingsdagane?

Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg tolv dagar lang festival i regi av Forskingsrådet som Universitetet i Stavanger og ei rekke andre forskings- og kunnskapsinstitusjonar i heile landet tar del i. Eit viktig mål for festivalen er å skape begeistring og forståing for forsking.

En scene med fire personer i en panelsamtale og et stort publikum foran
Panelsamtale under Forskningsdagene 2023

Gjennom ei rekke forskjellige arrangement kan folk i alle aldrar og på alle kunnskapsnivå få eit innblikk i forskingsverda. Arrangementa går føre seg både på og utanfor forskarens vante arena for forskingsformidling.

Festivalen har blitt arrangert kvart år sidan 1995 og er ein av Europas store, nasjonale forskningsfestivalar. Kvart år peikar Forskningsrådet ut eit overordna tema for festivalen som dei fleste arrangementa handlar om på ein eller annan måte.

Festivalen startar kvart år på onsdagen i veke 38 og varer til søndagen i veke 39.

Arbeidsgruppa for Forskningsdagene Stavanger-regionen består av folk frå Jærmuseet, Museum Stavanger (MUST), NORCE, Norsk Oljemuseum, Rogaland fylkeskommune, Stavanger universitetssjukehus, Tekna, Universitetet i Stavanger og VID vitenskapelige høgskole. UiS har koordinatoransvaret i regionen og eit spesielt ansvar for ekstern kommunikasjon.

Glimt frå Forskingsdagane 2023

Vi jobbar med å setje saman eit spennende program for 2024. I mellomtida kan du sjå kva vi hadde å by på i fjor, då hovudtema var energi.

Mann står bøyd over en glasskolbe på et rundt bord
Alex Nielsen, professor i teoretisk astrofysikk ved UiS, demonstrerer energien i ingenting

Tolv dagar med forsking og forskarar i debattar, samtalar, teater, standup, torg og langs turløyper er vel overstått. Mange arrangement har tatt opp årets hovudtema, energi. Vi har mellom anna drøfta ulike dilemma knytt til grøn energi generelt og havvind på Utsira spesielt, og korleis ein kan stå i spagaten mellom å vidareutvikle petroleumsnæringa og delta i den grøne omstillinga. Unge forskarar har utforska energi frå ein teknologisk, fysisk og samfunnsmessig vinkel. Musea har hatt energishow og energiomvisingar, og vi har invitert folk inn i vindtunnelen på universitetet og testriggen Ullrigg hos NORCE for eit innblikk i energikrefter og energiproduksjon. Saman med elevar på småtrinnet har vi skapt teatermagi og utforska kva det vil seie å ha ein heim og korleis vi kan ta vare på dyr og natur. Vi har diskutert rasisme, røter og ulike lojalitetar, og vi har sett på korleis VR kan nyttast i undervisninga. Ikkje minst har vi utfordra forskarar til å snakke rett til publikum, utan powerpoint og utilgjengeleg fagspråk, på pubscena og på torget.

Det har vore utruleg kjekt å få vise fram noko av det som skjer på forskingsfronten i regionen vår. Om eitt år er vi klare for ein ny festival! I mellomtida kan du sjå nokre smakrebitar frå Forskningsdagane 2023.

Mann i legefrakk ved siden av et bord med en skjelettmodell på en scene

Michael Quan Nguyen, ph.d.-stipendiat og lege, Det helsevitenskapelige fakultet, UiS, og ortopedisk avd., SUS, forteller hva beinbruddregisteret i Rogaland skal brukes til, under Forskar-standup på Påfyll. Foto: UiS / Brian Tallman

To personer i hvite labbfrakker serverer blå drikke i reagenskopper til publikummere

Forskingsdagane vart opna med ein Forskingspub spesial på Norsk oljemuseum, som serverte spesiallaga energidrikk. Foto: UiS / Line Hausken

En sal full av publikummere og en scene med tre personer som sitter og en som står

"Kor mykje natur skal vi ofre for klima?" var tittelen på og spørsmålet som vart drøfta under opningsarrangementet. Foto: UiS / Line Hausken

Mann på en talerstol som snakker i en mikrofon

Foto: UiS / Line Hausken

Tre personer som sitter på en scene og snakker sammen

Foto: UiS / Line Hausken

En person fra publikum som stiller spørsmål til to personer som sitter på en scene

Foto: UiS / Line Hausken

En mann i pilotkostyme og en gruppe barn på en scene

Foto: UiS / Tonje Karlsen

To skuespillere i bever- og oterkostyme posserer på en scene

Foto: UiS / Tonje Karlsen

En skuespiller titter fram fra noen pappesker på en scene. Foran i bildet sitter en gruppe barn.

Foto: UiS / Tonje Karlsen

Mann som gestikulerer med hendene på en scene

Foto: UiS / Brian Tallman

Kvinne på scene som holder et stykke drivved

Foto: UiS / Brian Tallman

Ung kvinne snakker på en scene

Foto: UiS / Brian Tallman

Mann på en scene dekorert med esker det står Forskningsdagene på

Foto: UiS / Brian Tallman

To kvinner på en scene, den ene ikledd operasjonsklær

Foto: UiS / Brian Tallman

Mann på en scnene foran et plakat det står Forskningsdagene på

Foto: UiS / Brian Tallman

Mann snakker på en scene

Foto: UiS / Brian Tallman

Fire menn og en kvinne på en scene foran masse publikum

Foto: UiS / Tonje Karlsen

Dette stod på programmet i 2023

Opplev forskarane våre! Frå tidlegare arrangement

Dette kan du få med deg

Arbeidsgruppe

Arbeidsgruppa for Forskingsdagane Stavanger-regionen består av folk frå Jærmuseet, Museum Stavanger (MUST), Norce, Norsk Oljemuseum, Rogaland fylkeskommune, Stavanger universitetssjukehus, Tekna, VID vitskaplege høgskole og Universitetet i Stavanger. UiS er koordinator Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt ved UiS har koordinatoransvaret i regionen og eit spesielt ansvar for ekstern kommunikasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på knytta til Forskingsdagane i Stavanger-regionen: forskningsdagene@uis.no Følg oss på Facebook

Vil du delta som forskar?
Idé til eit arrangement?

Har du og ditt fagmiljø som forskarar i Stavanger-regionen ein god idé til eit arrangement under Forskingsdagane? Ta kontakt på e-post: forskningsdagene@uis.no Delta på Forskingstorget? Har du og fagmiljøet ditt lyst å ha ein stand på Forskingstorget laurdag 21. september 2024? Meld di interesse til Ilse Ros: ilse.ros@tekna.no Opptre på Forskar Grand Prix? Er du i gang med doktorgraden din? Vil du jobbe litt ekstra med å formidle forskinga di og begeistre eit nyfikent publikum? Då har vi eit unik tilbod til deg. Les meir på den nasjonale nettsida til Forskingsdagane.