Forside» Om UiS» Søk jobb hos oss

Jobb ved universitetet?


Universitetet i Stavanger (UiS) har omkring 9000 studentar og 1.200 tilsette og eit mangfald av undervisings-, forskings- og utviklingsaktivitetar. Den faglege verksemda er organisert i tre fakultet og ved Arkeologisk museum.

Mange av dei eksternt finansierte forskingsaktivitetane skjer i samarbeid med vårt forskingsinstitutt International Research Institute of Stavanger (IRIS).

Universitetet ligg i landets mest attraktive region med 300.000 innbyggjarar. Regionen har gode butilbod, ein dynamisk arbeidsmarknad og spanande kultur- og fritidsaktivitetar.

UiS er opptatt av mangfald og vi oppmoder derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb ved universitetet, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
UiS er ei IA-verksemd. I dette ligg det mellom anna at vi legg til rette for tilsette med redusert funksjonsevne.

Bli med på å utfordre og utforske!
 


Publisert av Hildegard Nortvedt (12.12.2011)

Skriv ut artikkel print
IA-verksemd

UiS er opptatt av mangfald og vi oppmoder alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb ved universitetet, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

UiS er ei IA-verksemd. I dette ligg det mellom anna at vi legg til rette for tilsette med redusert funksjonsevne.