MENY

Boklansering med Nils Olav Østrem

Nils Olav Østrem lanserer si nye bok "Den store utferda". Einar Niemi frå UiT vil også delta.

I boka "Den store utferda: Utvandring frå Skjold og Vats til Amerika 1837-1914" tek Østrem for seg utvandringa til USA frå Skjold og Vats på 19800-talet. Dette er Østrem sine eigne heimtrakter, og område han kjenner godt. Han påviser at nettverk bygde på slektskap, vennskap og naboskap spelte ei viktig rolle for utvandringa. Religion var også viktig, og denne faktoren har Østrem undersøkt grundig. Elles legg han vekt på individuelle motiv for utvandring. Han har nytta seg av kjelder som sjølvbiografiar, amerikabrev og rettsmateriale.

"Den store utferda" kjem ut på Scandinavian Academic Press, ein del av forlaget Spartacus. Boka kjem ut i løpet av mars, og vil vere heilt fersk når den blir presentert i biblioteket, fredag 20. mars kl. 12.


Nils Olav Østrem er professor i historie ved UiS. Han har tidlegare blant anna skrive boka "Norsk utvandringshistorie", og han har bidrege til lokalhistoriske verk om både Skjold, Tysvær, Karmøy og Stord.

"Den store utferda" byggjer på Østrem si doktoravhandling. Einar Niemi var rettleiar under arbeidet med den. Han vil delta under lanseringa, og komme med sine kommentarar og synspunkt. Niemi er professor i historie ved Universitetet i Tromsø. Han har skrive ei rekkje bøker, og fekk i 2003 Brageprisen for "Norsk innvandringshistorie".

Det blir servering av kaffe og te. SiS bok vil vere til stades og selje boka. Alle er hjarteleg velkomne!

Bilete av boka