MENY

Disputas om sosial ulikskap

Merete Jonvik forsvarer doktoravhandlinga si i sosiologi ved Det samfunnsvitenskapelege fakultet ved UiS tirsdag 8. desember 2015.

Jonvik har i avhandlinga si utforska korleis folk frå ulike samfunnslag oppfattar og kommuniserer sosiale forskjellar. Folk sine opplevingar av og haldningar til kultur og estetikk, synspunkt på forskjellar i livsstil og kulturell smak, samt deira oppfatningar av sosiale hierarki, står i sentrum.

Avhandlinga har tittelen «Folk om forskjellar mellom folk. Oppfatningar av kulturelle praksisar og sosiale hierarki, og deira sosiale tydingar».

Alle interesserte er velkomne til prøveforelesing kl 10 og til disputas kl 12.

Emne for prøveforelesinga er: «Drøft i et kritisk perspektiv Bourdieus teoretiske perspektiver; og drøft herunder hvor fruktbart det er å benytte hans analytiske begreper og metodiske strategier fra «Distinksjonen» i studier av sosiale distinksjoner i andre land på 2000-tallet.»

Professor Lennart Rosenlund ved UiS har vore hovedrettleiar. Professor Annick Prieur ved Aalborg Universitet har vore medrettleiar.

Disputasen vert leia av Jørn Varhaug, leiar ved Institutt for medie-, kultur- og samfunnsfag.

I vurderingskomiteen sit professor emeritus Per Mangset ved Høgskolen i Telemark, førsteamanuensis Stine Thideman Faber ved Aalborg Universitet og professor Terje Hillesund ved UiS.