Forside» Nyheter

Viktig verv til Frank Asche


Professor Frank Asche er tatt opp som medlem i Forskingsrådet sitt programstyre for havbruk.

"Havbruk - ei næring i vekst" er eit av Forskingsrådets sju store program, med nær 100 millionar kroner i årleg budsjett. Styret skal fordela pengar til gode forskingsprosjekt innan havbruk. Målet er å utvikla kunnskap på høgt internasjonalt nivå for å bidra til ei lønsam og verdiskapande havbruksnæring, basert på bærekraftig og marknadsretta produksjon i alle ledd.

UiS-professoren skal sitta i styret dei neste fire åra, saman med andre prominente fagpersonar frå inn- og utland.

Frank Asche er utdanna økonom og har i mange år forska på havbruksnæringa. Til dagleg er han professor ved Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging ved Universitetet i Stavanger.




Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (10.02.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Bilete av Frank Asche med fisk
Professor Frank Asche har greie på fisk og havbruksnæringa. No får han dela kunnskapen sin i Forskingsrådets programstyre for havbruk.