Forskingsprogrammet er ei strategisk satsing for å få fram ny og verdifull kunnskap om reiselivsnæringa. Det skal forskast på bærekraftig reiseliv, statistikkutvikling og avkasting i reiselivsnæringa. Programmet skal gå over fire år.
UiS, Vestlandsforsking og Transportøkonomisk institutt er dei tre forskingsaktørane som har fått pengar til å forske.
Universitetet i Stavanger, representert ved Norsk hotellhøgskole (NHS), får 4 millionar kroner til eit prosjekt om finansiell avkasting i reiselivsbedrifter og korleis opplevingsbedrifter bidreg til utvikling av reisemål.
Vestlandsforsking får støtte til prosjektet ”Norge som eit bærekraftig reisemål mot år 2025”, der NHS også er delaktig, og Transportøkonomisk institutt får støtte til å utvikle statistikk på reiseliv og ein modell for å berekne samfunnsøkonomiske virkningar av reiselivsnæringa.
Prosjekta er valt ut av representantar frå reiselivsnæringa, anerkjente forskarar og Nærings- og handelsdepartementet.




