MENY

Ydalir – Det første campushotellet i Noreg

Hotellet skal stå ferdig i februar 2018 og er ei gåve til UiS og til Stavanger by frå Smedvig, som feira sitt 100-årsjubileum i 2015.

Campushotellet Ydalir

Smedvig ønskte å gi ei samfunnsnyttig gåve som skal tilføre forskings- og utdanningsmiljøet ved UiS verdiar over tid. Utbytte frå drifta skal uavkorta gå til å styrke kompetansemiljøet ved UiS, for eksempel ved å finansiere forsking og nye professorat.

Les også:
Norges første campushotell skal gi overskuddet til UiS
Første spadestikk for campushotellet

Bygginga er godt i gang

I november i 2016 starta bygginga av hotellet som ligg sentralt på campus Ullandhaug. Campushotellet skal huse UiS sine gjesteforelesarar, gjesteforskarar og andre besøkande fra inn- og utland. Romma kan og leiast ut til andre aktørar ved ledig kapasitet.

– Ved våre besøk til utanlandske universitet har vi sett campushoteller vi skulle ønskt vi hadde. Så langt har det vore ein fjern draum, men nå blir Noregs første campushotell ein realitet i Stavanger, sa rektor Marit Boyesen, då ho saman med ordfører Christine Sagen Helgø tok imot gåva i 2015.

 Ydalir vil ha 59 rom og leilegheiter, i tillegg til eigna fasilitetar for å arrangere disputasar.

– Campushotellet skal drive næringsverksemd. Det skal tilby overnatting, bevertning, møterom, konferansar med profesjonell og upåklageleg service. Hotellet ønsker å etablere seg på tre stjerners standard med moglegheit for tilpassing av konsept i løpet av åra, seier dosent Helge Jørgensen ved Norsk hotellhøgskole.  

Viktig for Norsk hotellhøgskole

Hotellet blir ein viktig del av undervisinga ved Norsk hotellhøgskole. NHS har nå også moglegheit til å ta opp nokre studentar som ikkje har praksis fra tidlegare. Det gjer at selv om studentane ikkje har praktisk erfaring vil dei kunne gjennomføre teoretisk-praktiske opplæring under rettleiing, slik at dei kan møte utfordringar i næringa med betre kompetanse. 

Namnet

Hotellet skal heite Ydalir. Ydalir var heimstadeb til den norrøne jakt- og vinterguden Ull, som man antar namnet Ullandhaug stammar frå.

Stiftelsen

Campushotellet er etablert som ein stiftelse med tydeleg definerte formål og vedtekter. Ramma for investeringa er satt til 100 millionar kroner og dekker kostnader til eit ferdig leilighetshotell.

Styret i stiftelsen består av representantar frå UiS, rektor Marit Boyesen, universitetsdirektør Ole Ringdal, og frå Smedvig med administrerande direktør Odd Torland og eiendomsdirektør Jostein Kalsheim, samt Gisle Steffensen, tidlegere direktør på Sola Strand Hotel.