MENY

Arkeologisk museum

Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger arbeider med historia til Rogaland frå dei første menneska kom hit og fram til slutten av mellomalderen.

  • bilde av fasaden til Arkeologisk museum
    Arkeologisk museum ligg sentralt på Våland i Stavanger.
  • bilde av ansiktsperle
    Perle med to andlet, millefioriperle fra Byrkja. Frå folkevandringstid. Foto: Terje Tveit, Arkeologisk museum, UiS
  • Bilde av bokspenne fra Irland.
    Bokspenne frå Irland. Frå Vikingtid. Foto: Terje Tveit, Arkeologisk museum, UiS
  • Bilde av gullbrakteat.
    Gullbrakteat fra Teig, Sauda. Frå folkevandringstid. Foto: Terje Tveit, Arkeologisk museum, UiS

Finn oss på UiS sitt interaktive kart (åpner i nytt vindu)

Gjennom utstillingar, publikasjonar, foredrag, ekskursjonar og ulike aktivitetar vil vi gi folk kunnskapar om fortida og om samspelet mellom menneske og natur. Det er óg viktig for oss å legga til rette for refleksjon omkring forholdet til fortida.

Arkeologisk museum ynskjer å vera ein ressurs for folk i Rogaland i strevet med å forstå både oss sjølve og samfunnet vi lever i. Og vi vil vera ein ressurs i arbeidet med å planlegge for framtida. Vi vil og at Arkeologisk museum skal vera ein møteplass, både mellom kultur i fortid og nåtid og mellom folk frå ulike kulturar i dag.

Forsking om fortida

På Arkeologisk museum arbeider det mange slags fagfolk. Her er mange arkeologar, men også etnolog og historikar, botanikarar, kvartærgeolog, meteorolog, teknikarar, formgjevarar, pedagogar, økonomar og administratorar.

Museet er ein tverrfagleg institusjon som prøver å finna ut meir om fortida gjennom forsking ut frå ulike faglege tilnærmingar.

Slik finn du oss

Arkeologisk museum held til på Våland i Stavanger, omlag ti minutt til fots frå sentrum. 

Adressa er Peder Klows gate 30A. Frå Domkirkeplassen vel du Olav Vs gate, forbi Rogaland Teater, opp Muségata og gå til høgre rett etter Stavanger museum. Da er du i Peder Klows gate.